onsdag 17. august 2011

Kveldsbøn

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg
La alle barn i verda
få det like godt
som eg

Vern alle med di sterke hand
mot fattigdom og død,
og hjelp små barn i alle land,
og gjev dei dagleg brød

La ikkje krig og svolt og sott
få rive lukka ned
La alle leve trygt og godt
i fridom
og i fred

T: Thorbjørn Egner  1948 M: Henrik Tofte 1906
til nynorsk ved Halldis Moren Vesaas 1948







søndag 31. juli 2011

tirsdag 26. juli 2011

U T A N O R D

Utan ord
sit vi
lyttande
til radioen i bilen
"Vi var jo der
for berre nokre
få dagar sidan"

Utan ord
må vi snakke
om det
vi høyrer

Utan ord
kjem vi fram
til gode vener

skrur på TV-en
ser
kjenner
kjensler utan ord
ord må likevel delast
saman
tårer av nyheiter


ufatteleg
trist

Betre å vere
hata
enn
gløymt?
Hadde du
ingen fleire
alternativ enn dei to?
Sjølv om samfunnet vårt viser seg frå sitt beste no,
så har vi likevel feila
når eitt menneske kan greie
å gjennomføre slik vondskap
i einsemd

Vi står saman i sorg
Vi står saman i sinne
Og vi må stå saman no,
verne om borna våre,
kjempe mot einsemd og isolasjon
med nærleik og merksemd
ord i kjærleik

Lat oss vere sinte
over vondskapen
men
ikkje hate!
Måtte du
oppleve
kjærleik
stor nok

så du skjønar
angrer
så soninga vert ei bot
og ikkje siger

så du skjønar
kva kristen fridom er
Aldri hat
men rausheit
openheit
til ALLE

utan ord
kjempar vi rasande mot vondskap og hat
står vi saman
med ord i kjærleik.





tirsdag 14. juni 2011

H E L L O F E A R

Kirk Franklin er min absolutte favoritt når det gjeld moderne (contemporary) gospel.
Dette er gospel som eg greier å høyre på ei stund utan å verte lei.
Fekk gåvekort på SunnBok til bursdagen, så då var det ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle kjøpe.
Den nye plata heiter "Hello Fear".

place1


Til deg som ikkje har fulgt meg så lenge, eller berre kikkar innom: 
Eg har ein stor fascinasjon av afroamerikansk historie, musikk og kultur.
Negro Spirituals, Gospel, Soul, Hip Hop.... etc.
Det har noko med rytmen og energien å gjere, men ikkje berre det.
Det har noko med fridomen til å vise det ein føler.
Å legge sjela, heile livet, i ein song.
Det har med historien deira, og korleis musikken alltid er sentral i å takle motgang og ikkje miste håpet.
Slik kom Negro Spirituals til: lengsel og håp etter eit anna liv i fridom, slik vaks gospelmusikken fram: glede og takk midt i ein vanskeleg kvardag, slik starta Hip Hop'en: fellesskap og samfunnskritikk i og frå det tøffe livet i ghettoen i New York.

Kirk Franklin er toneangivande innan contemporary gospel/ soul/ pop/ hip hop/ R 'n' B med kristent bodskap.
Han vaks opp med mykje motgang.
Som han sjølv seier i coveret: 
"From family members still on drugs, to biological parents that live in the same city and state and I STILL have no relationship with, to erasing years and years of bad religious teaching ..."
Han er åpen og bunn ærleg med si historie, noko som gjer musikken enno meir ekte.

HELLO FEAR er ei reise i hans eigen frykt, og dermed også frykt og angst som mange slit med.
Og korleis frykt kan hindre oss i å leve det livet vi ynskjer, eller bygge murar mellom oss.
Kirk Franklin oppfordrar til å ta eit oppgjer, møte sin eigen frykt, sjå den i auga og seie:

"Hallo Frykt
før du set deg ned
så er det noko eg må forklare.
 ...
Eg er sliten av mitt brutte hjarte
Så eg laga ei liste, og du står på den
Alle håp og draumar som du tok frå meg
Eg vil ha dei tilbake før du drar

Hjartet mitt nektar å vere din heim
Borte frå deg er der eg høyrer til
Farvel
Ha det bra
så lenge"

Bodskapen er at den Gud som Bibelen fortel om er ein kjærleg og frigjerande Gud, som elskar alle menneske, men hatar alt det vonde som dei må oppleve.
Og at denne kjærleiken er det som kan sette oss fri frå frykt, angst, dårleg sjølvbilete, og bygge oss opp som heile menneske.

"I am so far from perfect,
I thougt life was worthless
until you showed me who I am
Not here by mistake, you're love called me Grace
I'm on my way to who I am"

Kirk Franklin gjer musikken sin til noko meir enn underhaldning.
Samtidig som musikken er spekka med energi, trøkk, kompliserte arrangement, er det motsette også tilstades:  den nakne stemma med enkelt pianoarrangement og syngade cello som snik seg inn etter kvart.

Her er ein song som til no sikkert har vorte repetert 100 gongar i bilen saman med ungane.
Gladsong - om å smile sjølv om livet er tøft.
Ikkje gi opp!




 



mandag 23. mai 2011

Tida mi

Det har vore mykje av den
ei god stund.
Tid for berre meg.
Tida mi.
Framtida mi

Er alt mogeleg? Oftast uhandgripelege,
desse mogelegheitene
God? Vanskeleg i lengda
Men god også, ofte
Dei gongane  eg 
tek kontrollen

Som i ei kiste ligg tida
om morgonen, gjennomsiktig.
Klar og skinande, ventande
”Korleis fyller ho meg i dag?”
Nokre dagar er kista
tung å opne
tung å fylle
Slik som i dag

Men det minkar på tida
Det kjem ei tid der denne dagen 
vert eit sakn
Om ikkje lenge har eg like mykje 
tid
Men tid som ikkje lenger er
berre mi, der eg ikkje lenger kan
forme livet slik eg ynskjer
Den tida har eg 
akkurat no

Eg opnar kista og legg
sekund for sekund av dagen i
Som tone for tone
i ein song.





torsdag 19. mai 2011

He ain't heavy, He's my brother


The road is long with many awinding turns
That leads us to who knows where,
who knows where
But I'm strong,
strong enough to carry him
He ain't heavy, he's my brother

So on we go
His welfare is my concern
No burden is he to bare,
we'll get there

For I know
he will not encumber me
He ain't heavy, he's my brother

If I’m laden at all, 
I am laden with sadness
that everyone's heart
isn't filled with the gladness
Of love for one another

It's a long long road
From which there is no return
while we're on our way to live, why not share

And the load doesn't weigh me down at all
He ain't heavy , he's my brother

f

t/m: Bobby Scott / Bob Russell

Ein versjon eg vert inpirert av. Likar måten Jarle Bernhoft tek seg god tid på. Nydeleg versjon med ei ubeskriveleg bra stemme:





tirsdag 12. april 2011

Now we take this feeble body

Now we take this feeble body
and we carry it to the grave
and we all leave it there
hallelujah

Now we take this dear old brother 
And we carry him to the grave
and we all leave him there
hallelujah

Now we lift our mournful voices 
as we gather 'round the grave
and we weep as we sing
hallelujah

Negro spiritual
frå "Wayfaring stranger - a songbook", Kristin Asbjørnsen


Uendeleg smerte
sorg, meiningslaus
ikkje kom med oppmuntring, velformulerte ord
berre ver saman med meg
gråt med meg
lev med meg
syng mine halleluja
når eg ikkje greier det
så det vonde ikkje tek over
heile hjarterommet


nei, eg har ikkje opplevd slik sorg enno
eg har mykje å takke for
men har sett og delt på nært hald
det var ikkje mange halleluja
men det var stor kraft i håpet

ved å gje utløp for alt det vonde
kan det ikkje slå rot
men det forsvinn vel aldri heilt
heile livet må uansett levast
heilt



onsdag 6. april 2011

"hmmm... Bare en tanke:

"Om kritikk

Et kritisk hode er bare sunt.
Et kritisk hjerte er det verste som finnes."

Knut Tveitereid

Bra sagt!
Dersom hjartet er kritisk kan det ikkje føre til noko godt, verken for ein sjølv eller andre.
Men konstruktiv kritikk treng vi likevel, det er berre sunt.
Ein passeleg dose sjølvkritikk kan også vere bra innimellom.
Kva med eit oppmuntrande hjarte kombinert med eit kritisk hovud?
Dette kan eg filosofere over ei stund:-)


bilete



tirsdag 29. mars 2011

You just gotta love her

...at leas if you are a female singer!
Lizz Wright is the one that I listen to these days.
Her last album - Fellowship - is amazing.




I'm so inspired by her!
Slow singing
Soulful singing
Bold singing
Heartful singing
Real, honest, raw

Power
Suffering
Hope
Songs with meaning.






I hope I'll be there next time she comes to Norway!
In the meantime I'll listen and sing 
and let her presence in singing inspire my own singing.




tirsdag 22. februar 2011

Kven kan forstå?

Ein song til mamma som blir 60 i dag!


Vem kan förstå

Vem kan förstå det stora i det lilla
Frøet som gror, stjärnan som tänds
Barnet som föds, vaggas tryggt och stilla
Du gav oss en tro, ett hopp, men störst av allt
Du gav oss kärleken

Låt kärlekens ros få röra ditt inre
Låt den färga din själ
Se på hoppet i dess stam
Låt kärlekens eld få tända ditt inre
Låt den värma din själ,
Tro, hopp, kärlek växer fram

Vem kan förstå hela sanningen och livet?
Tanken blev ord, ordet källan till liv
Vad ska bestå av allt det som är givet?

Du gav oss en tro, ett hopp, men störst av allt
Du gav oss kärleken

Låt kärlekens ros få röra ditt inre
Låt den färga din själ
Se på hoppet i dess stam
Låt kärlekens eld få tända ditt inre
Låt den värma din själ,
Tro, hopp, kärlek växer fram


T/M: Joakim Sandèn


lørdag 5. februar 2011

My Song




bilete henta frå Soul Soup.


My Song
I won’t die with my song inside me.
I sing everyday my eclectic tune – arms wide, raw heart exposed.
I laugh as I make up words knowing I will find my way and persevere when my sweet song is reduced to a raspy whisper in moments of despair ---
But I sing, still I sing, sing, sing my song - will not be caged.
My radiant eyes will give it away.
My song has broad flowing wings that effortlessly soar and fill the sky with wild colored sprinkles of me.
- Kirsten Jongen



mandag 13. desember 2010

Have yourself a merry little Christmas

Har alltid hatt lyst til å synge denne amerikanske klassikaren frå filmen "Meet me in St.Louis".
No når det vert romjulskonsert i Kunsthuset på Almås onsdag 29.des, 
skal eg mellom anna synge den.
Vi gleder oss alle saman til denne konserten, der vi har plukka ut julesongar i stor variasjon; alt frå amerikanske svisker, til svenske og norske nye og gamle, rolege og songar med fart i.
Akkompagnert av gitar, piano og perkusjon.
Intimt og akustisk.
Velkomen på konsert!
Klokka 20.00.
Katie Melua insprerer meg til øvinga på dagens julesong:-)


søndag 5. desember 2010

Juleplate-anbefaling!



Ei juleplate som anbefalast på det sterkaste!
Annaleis, 
sterkt
nært og levande
Laga av ekstremt talentfulle og musikalske jenter, tvillingane Hildegunn og Iselin Garnes Reigstad.
Dei er på juleturnè no, så dersom dei kjem til ein stad nær deg, bør du ikkje gå glipp av konserten.
(Bilete henta frå heimesida deira. Der ligg det også ein turnèoversikt:-))


God 2.søndag i advent!


onsdag 1. desember 2010

Maybe this Christmas



Maybe this Christmas will mean something more
Maybe this year love will appear
deeper than ever before

And maybe forgiveness will ask us to call
Someone we love
Someone we've lost
For reasons we can't quite recall
Maybe this Christmas

Maybe there'll be an open door
Maybe the star that shined before
Will shine once more

Maybe this Christmas will find us at last
In Heaven at peace
Prayful at least
For the love we've been shown in the past
Maybe this Christmas

(t/m: Ron Sexsmith)


Mitt syngande prosjekt dreg ut.
Godt at det er andre songprosjekt som kjem i vegen, og ikkje berre unnskydningar;-)
Mannen min sin onkel har eit kunsthus med flygel og plass til 40 personar.
Vi har gått saman ein liten gjeng for å lage intimkonsert i romjula.

Her er ein julesang som ei venninne av meg skal synge der. 
Eg gleder meg veldig til å høyre ho synge den, for ho er så flink.
Det fine med å sette seg konkrete mål er at ein oppdagar så mange gode songar!
Har du spotify vil eg anbefale deg å høyre på Sarah Dawn Finer sin nydelege versjon.
Eller kome i kunsthuset og høyre den med ei anna nydeleg stemme.
Kanskje eg etter kvart deler fleire av julesongane vi skal synge.
Meir info om konserten kjem kanskje også:-)



mandag 22. november 2010

Kunstnarsjel

Eg veit det er mange kunstnarsjeler der ute
Som lengtar etter å skape, verte inspirert, inspirere andre
Lengtar etter merksemd, ikkje for å verte populær, men for å nå ut
Eg veit det er mange som gir opp før dei har starta
Som treng nokon som ser, oppmuntrar, oppfordrer
Som drøymer om ei indre drivkraft, ikkje ytre



I nokre samanhengar vert det sett ned på om ein vågar å vere frimodig, stikke seg litt fram
Du skal ikkje tru du er noko, mange andre kan gjere det som du gjer
(Og så? Skulle ditt bidrag vere mindre verdt av den grunn?)
Ingen seier det direkte, men manglande stadfesting seier også noko
Men du veit innerst inne at du har noko å kome med

Mange finn publikum, når ut, på internett

Kunstnarsjel,
det er supert å blogge, det gir så mykje til mange at du deler
Men ikkje la det ta over
dersom det eigentleg er noko anna du lengtar etter
Det verkelege, handfaste, nære møtet med menneske
der ein ser og merkar om det ein deler 
vert teke imot
Våg å vere frimodig
Men finn den indre drivkrafta du treng
Den finst i kjensla av brikker som dett på plass når du brukar ditt talent
Når lysta til å ta fatt er nok
Er du som meg, så set deg eit mål
Stort nok, lite nok til å kunne realiserast
Og våg samtidig å drøyme 
så stort du vil



søndag 14. november 2010

Vær frimodig! 3

Fork 11, 1-6. Du vet ikke hva som vil lykkes


"Kast ditt brød på vannet,

lenge etter kan du finne det igjen.

Del det du har, med sju eller åtte;

for du vet ikke hvilke ulykker

som kan hende på jorden.

Når skyene blir fulle av regn,

øser de det ut over jorden.

Faller et tre, mot sør eller nord,

blir det liggende der det falt.

Den som akter på vinden, får ikke så,

den som kikker på skyene, får ikke høste.

Likeså lite som du vet

i hvilken retning vinden blåser,

eller hvordan knoklene dannes

hos fosteret i mors liv,

likeså lite kan du vite

hvordan Gud som skaper alt, gjør sitt verk.

Så din sæd om morgenen,

og la ikke hånden hvile mot kveld.

Du vet jo ikke hva som vil lykkes,

enten det ene eller det andre,

eller om begge deler er like gode."



Så vær frimodig! Del dine tankar, våg å gi av det du har fått, enten det er kunstneriske evner, pengar/materielle ting, ord og tankar.... fyll inn det som passar:-)
Eit fint mål for veka som kjem?

mandag 23. august 2010

Both sides now

Joni Mitchell er ei songarinne, trubadur, visesongar, singer/songwriter som verkeleg har sett spor i musikkhistoria.
Ho har ein fantastisk måte å synge på, synest eg.
Nett no held eg på å lære meg "Both sides now". (Du finn teksten under).
Det var først i vinter at eg verkeleg byrja å høyre på denne songen.
Eg har tidlegare skrive om korleis tekstar og musikk kan hjelpe ein ut av håpløyse, endre fokus.
Det trur eg framleis på.
Men midt oppe i uro og fortviling er det ikkje alltid ein ser løysing eller håp, og ein orkar ikkje alltid kjempe imot.
Midt oppe i angst og utmatting har ein ofte meir behov for å synge klagesongar enn songar om håp og glede.
"Both sides now" synest eg beskriv så utruleg godt korleis livet kan møte ein i døra, og vere noko heilt anna enn det vi trudde eller såg for oss.
Denne songen er midt oppe i dei situasjonane der vi ser kor små vi eigentleg er.
Samtidig er den ikkje depressiv, slik det lett kan bli dersom ein skal forsøke å beskrive desse stundene i livet.
Eg trur det har noko med siste linja i kvart refreng å gjere.
Det er viktig å innrømme det for seg sjølv, at ein ikkje greidde det slik ein hadde tenkt, at ein ikkje fekk livet til slik ein trudde, at ein måtte gjere sine eigne feil, same kva råd ein fekk av andre.
Det er først når ein innser kor liten ein er at ein kan vekse og utrette noko stort i denne verda. 
Fleire har spurt meg om eg ikkje har nokre opptak av meg sjølv.
Foreløpig ligg det berre ute eitt på youtube.
Det finn du her.
Øvst på ønskelista er eit kamera, så eg slepp å gjere det til eit så stort prosjekt å få til opptak av meg sjølv!Imens får du prøve å forstille deg korleis det høyrest ut når eg syng denne songen:-)
(Og eg tek gjerne imot oppdrag!)

Both sides now- Joni Mitchell

Rows and flows of angel hair and ice cream castles in the air

And feather canyons everywhere, i've looked at clouds that way.

But now they only block the sun, they rain and snow on everyone.

So many things I would have done. But clouds got in my way.



I've looked at clouds from both sides now,

From up and down, and still somehow

It's cloud illusions, I recall.

I really don't know clouds at all.



Moons and junes and ferris wheels, the dizzy dancing way you feel

As every fairy tale comes real; I've looked at love that way.

But now it's just another show. you leave 'em laughing when you go

And if you care, don't let them know, don't give yourself away.



I've looked at love from both sides now,

From give and take, and still somehow

It's love's illusions i recall.

I really don't know love at all.



Tears and fears and feeling proud to say "i love you" right out loud,

Dreams and schemes and circus crowds, i've looked at life that way.

But now old friends are acting strange, they shake their heads, they say I've changed.

Something's lost but something's gained in living every day.



I've looked at life from both sides now,

From win and lose, and still somehow

It's life's illusions i recall.

I really don't know life at all.





Gunhild Sofie

tirsdag 1. juni 2010

I left a piece of my heart in Chicago

Det finnest mange stader som har ein spesiell plass i mitt hjarte.
Det finnest ein by i USA der ein stor bit av hjartet mitt alltid vil vere.

bilete
Chicago.
Eg lengtar stadig vekk tilbake dit.
Første gong eg reiste til Chicago var då eg studerte musikk i Staffeldtsgate.
Det sette spor i meg som har prega meg sidan.
Korleis i all verda skal eg greie å beskrive det slik at du som lesar kan ane kva eg snakkar om?
Kor skal eg starte hen? Dette kjem til å verte eit alt for langt innlegg...

Det er musikalske opplevingar det handlar om, men samtidig noko mykje meir enn det.
Eg kan bruke musikalske stikkord: drivande  rytme,  improvisasjon, hammondorgel, kor, "halsbrekkande" tonar, klapp på 2 og 4, dans, gospel.
Eg kan bruke andre beskrivande ord: energisk, rått, ekte, kraftfullt, optimistisk, frimodig, deltakande, oppmuntrande, oppbackande
Eg kan bruke eitt ord: fridom.
For det var det eg kjente første gong eg var på gudsteneste i ein såkalla "svart kyrkjelyd".

Det var fargerikt, drivande, engasjerande, mykje kjensler, stemning og glede, dundrande hammondorgel og song og musikk konstant tre timar i strekk.
Ein eller annan stad i meg gav denne opplevinga gjenklang.
Kvifor kjende eg fridom? Fridom frå kva? 
Nokre år seinare var eg tilbake igjen.
Eg kunne aldri sleppe denne opplevinga.
Då eg skulle skrive hovudoppgåve i musikkvitskap, visste eg kvar eg måtte dra.
Eg visste ikkje heilt kva problemstillinga for oppgåva skulle vere, men eg visste at utgangspunktet skulle vere denne kyrkjelyden.
Eg sa eg skulle studere gospelmusikk i ein svart kyrkjelyd.
Men det var ikkje eigentleg sjølve musikken som interesserte meg. 
Stilmessig er tradisjonell gospel utruleg enkel, med mange repetisjonar og enkel harmonikk, rytmisk og glad, og kanskje litt keisam i lengda dersom ein berre sit og høyrer på.
Gospel er artig dersom ein deltek i musikken!
Og det var nettopp denne sida ved afroamerikansk musikkultur som engasjerte meg.
Gospel vart noko nytt i møte med denne kyrkja i Chicago.
Å vere deltakande i musikk og gudsteneste vart også noko nytt.
Det er her ordet fridom er så beskrivande.
Det var rom for å handle på det du følte der og då, om det var å rope oppmuntrande "yes", eller "sing it, sister", danse med rytmen, reise deg og klappe med, synge med.
Og det var rom for å vere meir tilbakelent, betraktande, roleg, lyttande; men kven ville vel det når stemninga stod i taket, viss ikkje ein var frå Noreg, då.
Det var ok å la seg rive med, kall det gjerne suggesjon, men ein positiv suggesjon, noko vi i Noreg i mange tilfeller er livredd for eller veldig skeptisk til, særleg i kristne samanhengar.
Det var ikkje naturleg for meg å delta i musikken og gudstenesta på same måte som dei andre.
På den måten var eg ikkje fri nok, eg hadde sperrer som eg skulle ønske eg ikkje hadde.
Likevel kjende eg fridom, for det var ikkje slik at ein måtte oppføre seg på ein særskilt måte for å verte inkludert i fellesskapet.
Her var det rom for alt, både glede og sorg.
Å sitte i ro og lytte, eller danse og juble. 
Alt etter kva ein følte for.
"If you feel something, you're not going to sit there, you're going to move!" var det ein som sa til meg i eit intervju, og han sa det med stor innleving.
I to månader fekk eg vere med i denne kyrkjelyden, vere med på korøving kvar veke, synge i koret kvar søndag og til og med dirigere.
Eg fekk kome tett innpå mange av medlemane.
Eg fekk tid til å bli kjent med menneske med ein kvardag fjernt frå min eigen.
Eg fekk tid til å bli glad i desse menneska.
Dei lærte meg mykje om å takle motgang i livet.
Dei fleste var etterkommarar etter slaver, og hadde vakse opp medan USA framleis var strengt segregert.
Mange hadde mista familiemedlemar i gjengoppgjer, eller dei levde i farlege strøk der drap ikkje lenger var ein sensasjon.
Motgang for eit folkeslag gjennom århundrer prega framleis mange av mine vener.
Kyrkja og musikken var deira redning, det som fekk dei til å løfte blikket bort frå det vanskelege for ei lita stund, det som gav tru, håp og krefter til å kjempe vidare til neste gudsteneste.
"God will make a way!"
"He will take care of you"
"Lift up your heads, be encouraged"
....
"These are songs that just keep you going"
"The song got me through the rough times"
"You have to feel the music and let it go within and then come out!"
Innleving var viktig.
Om ein solist var dyktig til å synge, betydde ingenting dersom han eller ho ikkje hadde innleving.
Det måtte vere ekte, ærleg og truverdig.
For her var det ikkje snakk om å bli underholdt!
Bodskapen i songane var essensiell.
Eg hugsar framleis ein søndag då ei ung jente skulle få prøve seg som solist.
Ho starta forsiktig, men folk i salen ropte oppmuntrande og klappa, ho vart meir vågal, og improviserte meir og meir, medan forsamlinga vart meir og meir engasjert.
Jenta var ung og uerfaren, ho song surt til tider, men ho song med hjartet, og responsen frå salen gav ho større og større frimod til å prøve nye melodiske utspring.
Ho fekk folk i salen til "another level".

Eg tenker ofte på akkurat denne jenta akkurat denne søndagen, når eg sjølv held på å øve inn ein ny song, eller eg underviser songelevar.
Teknikk er viktig for å kunne få til det ein vil, men har ein ikkje noko å formidle, så er det vanskeleg å nå fram til publikum.
Songteknikk er berre eit verktøy, ikkje eit mål!


...
Det er framleis mykje å skrive.
Men eg får spare noko til seinare, slik at eg kan få lagt ut dette innlegget.
Har du lest heilt til hit, så er det imponerande:-)

Ha det fint fram til neste gong.
I mellomtida skal eg få æra av å synge i førtiårsdag til ein fantastisk kollega!




Gunhild Sofie


torsdag 29. april 2010

Om perfeksjonisme og fullkommenhet

I påvente av fleire musikalske innlegg som er under utforming, vil eg sitere frå ei bok eg nettopp har lest:

"Fullkommenhet innebærer at man aksepterer begrensningen og sier ja til det ufullkomne
Vi er bare på vei, vi er ikke framme ennå. 
Perfeksjonisten krever at han og alle andre skal være framme ved målet. 
Ifølge et slikt krav burde vi allerede være engler til tross fra at vi ennå ikke er døde."



Frå "Flodhesten i dagligstuen" av den finske teologen og terapeuten Tommy Hellsten. Boka anbefalast på det sterkaste, men ver førebudd på at den kjem til å utfordre deg på mange områder dersom du vel å lese den.