onsdag 11. oktober 2017

steg for steg
i sirkel, jobbar meg stadig lenger ut frå senteret
men rundt og rundt er også ein veg, ein sti
lag på lag vert ein solid stamme, eit tre som veks
eller berre ein krusedull
fullføre noko.
der.
eg er ikkje redd for å 
bli satt i bås
men eg vil gjerne at 
båsen skal vere 
rett
og 
eg finn ingen
som passar

tirsdag 3. oktober 2017

Balanse

mellom glede og sinne
mellom optimisme og realisme
mellom liv og draum
mellom tilgjeving og sjølvskjerming
mellom fridom og grenser
mellom tru og vitskap
mellom håp og tvil
mellom teori og erfaring
mellom frimod og prestasjonsangst
mellom sanning og spørsmål
mellom nestekjærleik og meg sjølv
mellom å tene og ta imot
mellom å gi og få
mellom "one of a kind" og "dråpe i havet"
mellom enten eller
balanse i både og
men ikkje i pose og sekk

Gunhild Sofie - 17

mandag 2. oktober 2017

Eg kikka innom att

det er noko med
livet
det tek tak
held deg fast
du brukar det du har av tid
til å vere der
heilt til
.

Eg kikka innom meg sjølv i dag. Mange år sidan no. Tenkte eg kanskje ville bli litt flau eller skamfull over meg sjølv. Det eg skreiv for mange år sidan då eg byrja å blogge. Men eg gjorde ikkje det. No har eg ikkje lest alt, vel å merke, så det kan hende noko av det aller eldste stoffet er litt kleint å sjå att. Men det får berre ligge her. Det var ein del av meg då - for snart 10 år sidan. Ei tid som sette viktige spor og staka ut ein annan kurs for ei som den gongen var ganske nedanfor og ikkje hadde store kjensla av verdi. Nokon sa til meg ein gong at livet skjer. Ja. Det skjer framleis. Og det skjedde då. Alt er ein del av mi historie. Songen er ikkje historie - den berre fortset. Og fortset. Så lenge eg har stemme vil den ikkje stoppe. Håpar eg.

PS: No har eg lest igjennom alt. Og ja, ikkje alt ville eg skrive på den måten i dag.

Gunhild Sofie