Om singing & living

Gunhild Rolfsnes // G U R O.
Singing and living er eit motto som har fulgt meg sidan eg byrja å blogge. No er det også tittelen på mitt kunstnarlege forskings- og utviklingsarbeid ved Høgskulen på Vestlandet.
Eg opplever store motsetnader mellom det å vera høgskulelektor og det å vera utøvande musikar. Det eine krever ein profesjonalitet som ikkje er for personleg og privat, men som representerer ein utdanningsinstitusjon. Det andre krever ein viss personleg vri, ikkje nødvendigvis privat, men ein må kunne vise seg sjølv fram, og for å kunne det må ein finne ut kva slags musikar ein ynskjer å vere.




Eg er songar - og tek på meg små og større solooppdrag, eller samarbeider med andre musikararar i ulike konsertprosjekt.

Eg er pianist - og tek på meg oppdrag som akkompagnatør i ulike rytmiske sjangrar, for kor, solistar og i forsamlingar.

Eg er kordirigent - og tek på meg å halde seminar for kor, workshops i improvisasjon og stemmebruk.

Eg er lærar, og arbeider som høgskolelektor i musikk ved Høgskolen på Vestlandet, avdeling Stord, på ei fantastisk musikkutdanning, i eit dyktig og inspirerande kollegium. Eg underviser i song, kordireksjon, musikkteori, høyrelære, arrangering, komponering, samspel, musikkdidaktikk (læra om undervisning), i tillegg til at eg er med i forskningsprosjekt (dette kan du lese meir om på prosjektsidene).

Eg prøver å vere jordnær og halde livets perspektiv over det eg gjer, utan at det går på bekostning av kvalitet og profesjonalitet.

Iblant bloggar eg- her kjem  "Singing and living" til uttrykk. Tankar rundt det eg driv med - og livet. Vi er alle heile menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kva tenkjer du om dette?