Viser innlegg med etiketten boldness. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten boldness. Vis alle innlegg

lørdag 5. februar 2011

My Song




bilete henta frå Soul Soup.


My Song
I won’t die with my song inside me.
I sing everyday my eclectic tune – arms wide, raw heart exposed.
I laugh as I make up words knowing I will find my way and persevere when my sweet song is reduced to a raspy whisper in moments of despair ---
But I sing, still I sing, sing, sing my song - will not be caged.
My radiant eyes will give it away.
My song has broad flowing wings that effortlessly soar and fill the sky with wild colored sprinkles of me.
- Kirsten Jongen



lørdag 6. februar 2010

Vær frimodig (2)!


Eg elskar å synge!

I det siste har eg sunge meir enn nokon gong.

For det meste heime i stova, åleine i huset.

Og det er lenge sidan eg kjente at eg hadde lyst til å setje meg ved pianoet og berre synge og spele for meg sjølv, kose meg med deilige melodiar.

Slik som eg gjer no for tida.

Det er rett og slett frigjerande for hjarte og sjel.


Å synge gjer meg til eit betre menneske, det er eg overtydd om!

Eg trur det har noko med at eg tek i bruk ei gåve Gud har gitt meg.

Eit ynskje om å formidle noko med musikk, og ei stemme som kan treffe tonar.

Det handlar ikkje om å imponere eller verte lagt merke til.

Men for å kunne nå ut med noko til nokon, må eg tørre å ha litt frimod.

Våge og tru at eg faktisk kan.

Tru at det er plass til meg også.

Men det hadde jo vore greit om eg slapp å spørre om oppdrag, vere frampå.

Markedsføre meg sjølv.

Slike ting held meg tilbake.

Eg ynskjer ikkje å konkurrere, bruke albogar, bli sett på som sjølvgod.

Det er noko spesielt å bli spurd, å kjenne seg ønska.

Men det fungerer ikkje alltid slik!

Ein må stå på litt sjølv også.

Eg har vorte flinkare til det i det siste.

Får håpe det varer ...

Ei stund iallefall...


"What you can do, or dream you can, begin it,

boldness has genius, power and magic in it" (Goethe)


Det er plass til deg også!!
Gunhild Sofie






torsdag 4. februar 2010

Vær frimodig!


For to år sidan fekk eg akrylmaling og lerret til jul av mannen min.
Eg hadde ønska meg det.
Men det skulle ta over to år før eg fekk gjort noko med ønsket mitt om å male.
Først vart utstyret liggande på kontoret, heilt til mellomste jenta fann ut kva ho kunne bruke raudt til :-)
Då havna det på loftsboden!
Og der vart det liggande, heilt til no.
Det hjalp å arrangere malekveld med ei god venninne!
Vi satt og prata, mala og høyrte på Kristin Asbjørnsen (ei av mine favorittsyngedamer), og eg har ikkje kjent ei slik lukke og ro på lenge!
Imponerande kva ekte kunstnarar kan få til!
Mitt er amatørmessig i forhold.
Men det var ikkje det som var poenget heller, å lage noko som skulle imponere andre.
Eg gjorde det for meg sjølv.
Det er så mange ting i livet som kan hindre ein i å få gjort noko med draumane sine.
For min del er det trangen til å uttrykke meg med ord, fargar og musikk som heile tida kjem i bakleksa, etter ungane, mannen, heimen og arbeidet.
Og mykje anna som snik seg inn imellom.
Difor er det viktig å leve litt på slike "oaser" når dei kjem.
Eg har kalla bileta for "Frukter", og skrive på ord som beskriv mine draumar og ynskjer for familien vår og heimen vår.
På det eine står det "klemmer", "godhet", "raushet", "bruke navn", "interesse", "involvering", "ekthet", "åpenhet", "ydmykhet", "medfølelse", "medvandring", "dele", "gi", "gi plass", "oppmuntre", "trofasthet", "tilgivelse" og "mildhet".
Og det kunne stått mange fleire.
På det andre står det "frimodig".
Er det noko som ofte hindrar meg i å bruke mine kreative evner, så er det mitt mangel på frimod.
Er det noko eg ønsker å gi borna mine, så er det frimod til å bruke sine evner og talent.
No heng maleria i gangen, slik at vi kan bli minna om desse tinga mange gongar om dagen.
Vær frimodig!

Gunhild Sofie