Det har vore mykje av den
ei god stund.
Tid for berre meg.
Tida mi.
Framtida mi
Er alt mogeleg? Oftast uhandgripelege,
desse mogelegheitene
God? Vanskeleg i lengda
Men god også, ofte
Dei gongane eg
tek kontrollen
tek kontrollen
Som i ei kiste ligg tida
om morgonen, gjennomsiktig.
Klar og skinande, ventande
”Korleis fyller ho meg i dag?”
Nokre dagar er kista
tung å opne
tung å fylle
tung å fylle
Slik som i dag
Men det minkar på tida
Det kjem ei tid der denne dagen
vert eit sakn
vert eit sakn
Om ikkje lenge har eg like mykje
tid
tid
Men tid som ikkje lenger er
berre mi, der eg ikkje lenger kan
forme livet slik eg ynskjer
Den tida har eg
akkurat no
akkurat no
Eg opnar kista og legg
sekund for sekund av dagen i
Som tone for tone
i ein song.
Så vakkert!! Det er noko eige å ha tid åleine ja. Som oftast merkar ein det gjerne ikkje før ein er fleire, og då kan ein sakna åleinetid. Likte spesielt godt siste verset! Takk for at du deler:)
SvarSlettTusen takk for det, Røsslyng, det varmer med slike kommentarar! Eg er nok langt frå så dreven som du, og det er sikkert mykje eg kunne ha bearbeida her, men det er noko med å beskrive ting slik dei er akkurat der og då. Så er det ikkje så viktig for meg om teksten er heilt perfekt:-)
SvarSlettVakkert. Vakkert. Likte dette masse, Gunhild Sofie!
SvarSlettØnsker deg en fin kveld
Klem Tonje
Så nydelig skrevet, Gunhild! Eg og likte godt den siste delen. Tenker det er viktig å ha de orda i tankane slik at sekunda blir verdifulle. :-)ha ein fin kveld!
SvarSlett