På laurdag dirigerer eg kor og brassband i Stord kulturhus.
Kom nett heim frå generalprøve, og må berre reklamere litt før eg legg meg.
Det vert fest, flagg og finstas!
Veldig variert program.
Velkomen!
Utan ord
sit vi
lyttande
til radioen i bilen
"Vi var jo der
for berre nokre
få dagar sidan"
Utan ord
må vi snakke
om det
vi høyrer
Utan ord
kjem vi fram
til gode vener
skrur på TV-en
ser
kjenner
kjensler utan ord
ord må likevel delast
saman
tårer av nyheiter
Så
ufatteleg
trist
Betre å vere
hata
enn
gløymt?
Hadde du
ingen fleire
alternativ enn dei to?
Sjølv om samfunnet vårt viser seg frå sitt beste no,
så har vi likevel feila
når eitt menneske kan greie
å gjennomføre slik vondskap
i einsemd
Vi står saman i sorg
Vi står saman i sinne
Og vi må stå saman no,
verne om borna våre,
kjempe mot einsemd og isolasjon
med nærleik og merksemd
ord i kjærleik
Lat oss vere sinte
over vondskapen
men
ikkje hate!
Måtte du
oppleve
kjærleik
stor nok
så du skjønar
angrer
så soninga vert ei bot
og ikkje siger
så du skjønar
kva kristen fridom er
Aldri hat
men rausheit
openheit
til ALLE
utan ord
kjempar vi rasande mot vondskap og hat
står vi saman
med ord i kjærleik.
Kirk Franklin er min absolutte favoritt når det gjeld moderne (contemporary) gospel.
Dette er gospel som eg greier å høyre på ei stund utan å verte lei.
Fekk gåvekort på SunnBok til bursdagen, så då var det ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle kjøpe.
Den nye plata heiter "Hello Fear".
Til deg som ikkje har fulgt meg så lenge, eller berre kikkar innom:
Eg har ein stor fascinasjon av afroamerikansk historie, musikk og kultur.
Negro Spirituals, Gospel, Soul, Hip Hop.... etc.
Det har noko med rytmen og energien å gjere, men ikkje berre det.
Det har noko med fridomen til å vise det ein føler.
Å legge sjela, heile livet, i ein song.
Det har med historien deira, og korleis musikken alltid er sentral i å takle motgang og ikkje miste håpet.
Slik kom Negro Spirituals til: lengsel og håp etter eit anna liv i fridom, slik vaks gospelmusikken fram: glede og takk midt i ein vanskeleg kvardag, slik starta Hip Hop'en: fellesskap og samfunnskritikk i og frå det tøffe livet i ghettoen i New York.
Kirk Franklin er toneangivande innan contemporary gospel/ soul/ pop/ hip hop/ R 'n' B med kristent bodskap.
Han vaks opp med mykje motgang.
Som han sjølv seier i coveret:
"From family members still on drugs, to biological parents that live in the same city and state and I STILL have no relationship with, to erasing years and years of bad religious teaching ..."
Han er åpen og bunn ærleg med si historie, noko som gjer musikken enno meir ekte.
HELLO FEAR er ei reise i hans eigen frykt, og dermed også frykt og angst som mange slit med.
Og korleis frykt kan hindre oss i å leve det livet vi ynskjer, eller bygge murar mellom oss.
Kirk Franklin oppfordrar til å ta eit oppgjer, møte sin eigen frykt, sjå den i auga og seie:
"Hallo Frykt
før du set deg ned
så er det noko eg må forklare.
...
Eg er sliten av mitt brutte hjarte
Så eg laga ei liste, og du står på den
Alle håp og draumar som du tok frå meg
Eg vil ha dei tilbake før du drar
Hjartet mitt nektar å vere din heim
Borte frå deg er der eg høyrer til
Farvel
Ha det bra
så lenge"
Bodskapen er at den Gud som Bibelen fortel om er ein kjærleg og frigjerande Gud, som elskar alle menneske, men hatar alt det vonde som dei må oppleve.
Og at denne kjærleiken er det som kan sette oss fri frå frykt, angst, dårleg sjølvbilete, og bygge oss opp som heile menneske.
"I am so far from perfect,
I thougt life was worthless
until you showed me who I am
Not here by mistake, you're love called me Grace
I'm on my way to who I am"
Kirk Franklin gjer musikken sin til noko meir enn underhaldning.
Samtidig som musikken er spekka med energi, trøkk, kompliserte arrangement, er det motsette også tilstades: den nakne stemma med enkelt pianoarrangement og syngade cello som snik seg inn etter kvart.
Her er ein song som til no sikkert har vorte repetert 100 gongar i bilen saman med ungane.
The road is long with many awinding turns
That leads us to who knows where,
who knows where
But I'm strong,
strong enough to carry him
He ain't heavy, he's my brother
So on we go
His welfare is my concern
No burden is he to bare,
we'll get there
For I know
he will not encumber me
He ain't heavy, he's my brother
If I’m laden at all,
I am laden with sadness
that everyone's heart
isn't filled with the gladness
Of love for one another
It's a long long road
From which there is no return
while we're on our way to live, why not share
And the load doesn't weigh me down at all
He ain't heavy , he's my brother
f
t/m: Bobby Scott / Bob Russell
Ein versjon eg vert inpirert av. Likar måten Jarle Bernhoft tek seg god tid på. Nydeleg versjon med ei ubeskriveleg bra stemme:
Bra sagt! Dersom hjartet er kritisk kan det ikkje føre til noko godt, verken for ein sjølv eller andre. Men konstruktiv kritikk treng vi likevel, det er berre sunt. Ein passeleg dose sjølvkritikk kan også vere bra innimellom. Kva med eit oppmuntrande hjarte kombinert med eit kritisk hovud? Dette kan eg filosofere over ei stund:-)
Har alltid hatt lyst til å synge denne amerikanske klassikaren frå filmen "Meet me in St.Louis".
No når det vert romjulskonsert i Kunsthuset på Almås onsdag 29.des,
skal eg mellom anna synge den.
Vi gleder oss alle saman til denne konserten, der vi har plukka ut julesongar i stor variasjon; alt frå amerikanske svisker, til svenske og norske nye og gamle, rolege og songar med fart i. Akkompagnert av gitar, piano og perkusjon. Intimt og akustisk.
Velkomen på konsert!
Klokka 20.00.
Katie Melua insprerer meg til øvinga på dagens julesong:-)
Ei juleplate som anbefalast på det sterkaste! Annaleis, sterkt nært og levande Laga av ekstremt talentfulle og musikalske jenter, tvillingane Hildegunn og Iselin Garnes Reigstad. Dei er på juleturnè no, så dersom dei kjem til ein stad nær deg, bør du ikkje gå glipp av konserten. (Bilete henta frå heimesida deira. Der ligg det også ein turnèoversikt:-))
Så vær frimodig! Del dine tankar, våg å gi av det du har fått, enten det er kunstneriske evner, pengar/materielle ting, ord og tankar.... fyll inn det som passar:-)
Joni Mitchell er ei songarinne, trubadur, visesongar, singer/songwriter som verkeleg har sett spor i musikkhistoria.
Ho har ein fantastisk måte å synge på, synest eg.
Nett no held eg på å lære meg "Both sides now". (Du finn teksten under).
Det var først i vinter at eg verkeleg byrja å høyre på denne songen.
Eg har tidlegare skrive om korleis tekstar og musikk kan hjelpe ein ut av håpløyse, endre fokus.
Det trur eg framleis på.
Men midt oppe i uro og fortviling er det ikkje alltid ein ser løysing eller håp, og ein orkar ikkje alltid kjempe imot.
Midt oppe i angst og utmatting har ein ofte meir behov for å synge klagesongar enn songar om håp og glede.
"Both sides now" synest eg beskriv så utruleg godt korleis livet kan møte ein i døra, og vere noko heilt anna enn det vi trudde eller såg for oss.
Denne songen er midt oppe i dei situasjonane der vi ser kor små vi eigentleg er.
Samtidig er den ikkje depressiv, slik det lett kan bli dersom ein skal forsøke å beskrive desse stundene i livet.
Eg trur det har noko med siste linja i kvart refreng å gjere.
Det er viktig å innrømme det for seg sjølv, at ein ikkje greidde det slik ein hadde tenkt, at ein ikkje fekk livet til slik ein trudde, at ein måtte gjere sine eigne feil, same kva råd ein fekk av andre.
Det er først når ein innser kor liten ein er at ein kan vekse og utrette noko stort i denne verda.
Fleire har spurt meg om eg ikkje har nokre opptak av meg sjølv.
Øvst på ønskelista er eit kamera, så eg slepp å gjere det til eit så stort prosjekt å få til opptak av meg sjølv!Imens får du prøve å forstille deg korleis det høyrest ut når eg syng denne songen:-)
(Og eg tek gjerne imot oppdrag!)
Both sides now- Joni Mitchell
Rows and flows of angel hair and ice cream castles in the air
And feather canyons everywhere, i've looked at clouds that way.
But now they only block the sun, they rain and snow on everyone.
So many things I would have done. But clouds got in my way.
I've looked at clouds from both sides now,
From up and down, and still somehow
It's cloud illusions, I recall.
I really don't know clouds at all.
Moons and junes and ferris wheels, the dizzy dancing way you feel
As every fairy tale comes real; I've looked at love that way.
But now it's just another show. you leave 'em laughing when you go
And if you care, don't let them know, don't give yourself away.
I've looked at love from both sides now,
From give and take, and still somehow
It's love's illusions i recall.
I really don't know love at all.
Tears and fears and feeling proud to say "i love you" right out loud,
Dreams and schemes and circus crowds, i've looked at life that way.
But now old friends are acting strange, they shake their heads, they say I've changed.
Something's lost but something's gained in living every day.