torsdag 4. februar 2010

Vær frimodig!


For to år sidan fekk eg akrylmaling og lerret til jul av mannen min.
Eg hadde ønska meg det.
Men det skulle ta over to år før eg fekk gjort noko med ønsket mitt om å male.
Først vart utstyret liggande på kontoret, heilt til mellomste jenta fann ut kva ho kunne bruke raudt til :-)
Då havna det på loftsboden!
Og der vart det liggande, heilt til no.
Det hjalp å arrangere malekveld med ei god venninne!
Vi satt og prata, mala og høyrte på Kristin Asbjørnsen (ei av mine favorittsyngedamer), og eg har ikkje kjent ei slik lukke og ro på lenge!
Imponerande kva ekte kunstnarar kan få til!
Mitt er amatørmessig i forhold.
Men det var ikkje det som var poenget heller, å lage noko som skulle imponere andre.
Eg gjorde det for meg sjølv.
Det er så mange ting i livet som kan hindre ein i å få gjort noko med draumane sine.
For min del er det trangen til å uttrykke meg med ord, fargar og musikk som heile tida kjem i bakleksa, etter ungane, mannen, heimen og arbeidet.
Og mykje anna som snik seg inn imellom.
Difor er det viktig å leve litt på slike "oaser" når dei kjem.
Eg har kalla bileta for "Frukter", og skrive på ord som beskriv mine draumar og ynskjer for familien vår og heimen vår.
På det eine står det "klemmer", "godhet", "raushet", "bruke navn", "interesse", "involvering", "ekthet", "åpenhet", "ydmykhet", "medfølelse", "medvandring", "dele", "gi", "gi plass", "oppmuntre", "trofasthet", "tilgivelse" og "mildhet".
Og det kunne stått mange fleire.
På det andre står det "frimodig".
Er det noko som ofte hindrar meg i å bruke mine kreative evner, så er det mitt mangel på frimod.
Er det noko eg ønsker å gi borna mine, så er det frimod til å bruke sine evner og talent.
No heng maleria i gangen, slik at vi kan bli minna om desse tinga mange gongar om dagen.
Vær frimodig!

Gunhild Sofie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kva tenkjer du om dette?