mandag 22. november 2010

Kunstnarsjel

Eg veit det er mange kunstnarsjeler der ute
Som lengtar etter å skape, verte inspirert, inspirere andre
Lengtar etter merksemd, ikkje for å verte populær, men for å nå ut
Eg veit det er mange som gir opp før dei har starta
Som treng nokon som ser, oppmuntrar, oppfordrer
Som drøymer om ei indre drivkraft, ikkje ytre



I nokre samanhengar vert det sett ned på om ein vågar å vere frimodig, stikke seg litt fram
Du skal ikkje tru du er noko, mange andre kan gjere det som du gjer
(Og så? Skulle ditt bidrag vere mindre verdt av den grunn?)
Ingen seier det direkte, men manglande stadfesting seier også noko
Men du veit innerst inne at du har noko å kome med

Mange finn publikum, når ut, på internett

Kunstnarsjel,
det er supert å blogge, det gir så mykje til mange at du deler
Men ikkje la det ta over
dersom det eigentleg er noko anna du lengtar etter
Det verkelege, handfaste, nære møtet med menneske
der ein ser og merkar om det ein deler 
vert teke imot
Våg å vere frimodig
Men finn den indre drivkrafta du treng
Den finst i kjensla av brikker som dett på plass når du brukar ditt talent
Når lysta til å ta fatt er nok
Er du som meg, så set deg eit mål
Stort nok, lite nok til å kunne realiserast
Og våg samtidig å drøyme 
så stort du vil





4 kommentarer:

  1. Veldig, veldig, gode tanker, Gunhild!! Vi lengter vel alle etter å virkelig MØTE mennesker. Berøre og la oss bli berørt... i det virkelige livet, sånn som vi er. Takk for et nydelig innlegg!!

    SvarSlett
  2. For et herlig innlegg! Oppløftende, inspirerende og reflektert. Takk!

    SvarSlett
  3. Takk for oppmuntring, kjære venner der nord:-)

    SvarSlett
  4. hei,
    og takk for besøket :O)

    For ein fin og annleis blogg du har. Reflekterande og tankevekkjande... Unik i mylderet.

    God adventskveld til deg.
    Me "sjåast" ;O)

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?