tirsdag 14. juni 2011

H E L L O F E A R

Kirk Franklin er min absolutte favoritt når det gjeld moderne (contemporary) gospel.
Dette er gospel som eg greier å høyre på ei stund utan å verte lei.
Fekk gåvekort på SunnBok til bursdagen, så då var det ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle kjøpe.
Den nye plata heiter "Hello Fear".

place1


Til deg som ikkje har fulgt meg så lenge, eller berre kikkar innom: 
Eg har ein stor fascinasjon av afroamerikansk historie, musikk og kultur.
Negro Spirituals, Gospel, Soul, Hip Hop.... etc.
Det har noko med rytmen og energien å gjere, men ikkje berre det.
Det har noko med fridomen til å vise det ein føler.
Å legge sjela, heile livet, i ein song.
Det har med historien deira, og korleis musikken alltid er sentral i å takle motgang og ikkje miste håpet.
Slik kom Negro Spirituals til: lengsel og håp etter eit anna liv i fridom, slik vaks gospelmusikken fram: glede og takk midt i ein vanskeleg kvardag, slik starta Hip Hop'en: fellesskap og samfunnskritikk i og frå det tøffe livet i ghettoen i New York.

Kirk Franklin er toneangivande innan contemporary gospel/ soul/ pop/ hip hop/ R 'n' B med kristent bodskap.
Han vaks opp med mykje motgang.
Som han sjølv seier i coveret: 
"From family members still on drugs, to biological parents that live in the same city and state and I STILL have no relationship with, to erasing years and years of bad religious teaching ..."
Han er åpen og bunn ærleg med si historie, noko som gjer musikken enno meir ekte.

HELLO FEAR er ei reise i hans eigen frykt, og dermed også frykt og angst som mange slit med.
Og korleis frykt kan hindre oss i å leve det livet vi ynskjer, eller bygge murar mellom oss.
Kirk Franklin oppfordrar til å ta eit oppgjer, møte sin eigen frykt, sjå den i auga og seie:

"Hallo Frykt
før du set deg ned
så er det noko eg må forklare.
 ...
Eg er sliten av mitt brutte hjarte
Så eg laga ei liste, og du står på den
Alle håp og draumar som du tok frå meg
Eg vil ha dei tilbake før du drar

Hjartet mitt nektar å vere din heim
Borte frå deg er der eg høyrer til
Farvel
Ha det bra
så lenge"

Bodskapen er at den Gud som Bibelen fortel om er ein kjærleg og frigjerande Gud, som elskar alle menneske, men hatar alt det vonde som dei må oppleve.
Og at denne kjærleiken er det som kan sette oss fri frå frykt, angst, dårleg sjølvbilete, og bygge oss opp som heile menneske.

"I am so far from perfect,
I thougt life was worthless
until you showed me who I am
Not here by mistake, you're love called me Grace
I'm on my way to who I am"

Kirk Franklin gjer musikken sin til noko meir enn underhaldning.
Samtidig som musikken er spekka med energi, trøkk, kompliserte arrangement, er det motsette også tilstades:  den nakne stemma med enkelt pianoarrangement og syngade cello som snik seg inn etter kvart.

Her er ein song som til no sikkert har vorte repetert 100 gongar i bilen saman med ungane.
Gladsong - om å smile sjølv om livet er tøft.
Ikkje gi opp!




 



6 kommentarer:

  1. Fint å få utvida perspektivet, på tekst, musikk og musikar.

    Alltid like fasinerande å høyra om personar som held fast på tru og håp trass det dei opplever i verda.

    SvarSlett
  2. Takk for kommentarar dåke to:-) Marit: eg synest også det er fascinerande, og ikkje minst inspirerande! Her til lands kan det sjå ut som om vi har det så bra, og kanskje er det mange som kjenner at kvardagen er som ein draum, og vi set vår lit til god økonomi og ting og fine hus. Og så mister vi synet av det håpet som verkeleg hjelper når ein brått står midt i uføret. Har så lyst til å formidle håp... noko anna enn materielle verdiar!

    SvarSlett
  3. Den plata har jeg lyst til å skaffe meg :) Er ikke veldig fan av Kirk, men tekstene du beskriver høres veldig bra ut! Takk for koselig hilsen på bloggen min :) Klem fra svigerinnesøsteren :)
    PS: Sees kanskje i Fjord´n i sommer!

    SvarSlett
  4. Hei, fru Sunde:-) Ja, det er nettopp tekstane og måten han formidlar på som fengar meg, ikkje nødvendigvis musikken i seg sjølv, som nok i lengda kan bli einsformig...Gospel som stil er kjekt dersom ein kan vere med og delta! DVD-en til "the rebirth of kirk franklin" er magisk å sjå, dersom ein let seg rive med.-) Og ja, vi sjåast kanskje når vi er innom i Fjorden:-) Takk for kommentar:-)

    SvarSlett
  5. thank you so much. fosbobetr good Archive

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?