i takk og bøn til deg
La alle barn i verda
få det like godt
som eg
Vern alle med di sterke hand
mot fattigdom og død,
og hjelp små barn i alle land,
og gjev dei dagleg brød
La ikkje krig og svolt og sott
få rive lukka ned
La alle leve trygt og godt
i fridom
og i fred
T: Thorbjørn Egner 1948 M: Henrik Tofte 1906
til nynorsk ved Halldis Moren Vesaas 1948

Hei du! Hadde det 1.verset som ein liten favoritt då eg var liten. Huska eg "las" songen ut av eit bilde i ei bok. Dette var før eg kunne lesa, og overraskingen var stor då eg oppdaga seinare at bildet "tilhørte" ein heilt anna song.:-)
SvarSlett