lørdag 6. februar 2010

Vær frimodig (2)!


Eg elskar å synge!

I det siste har eg sunge meir enn nokon gong.

For det meste heime i stova, åleine i huset.

Og det er lenge sidan eg kjente at eg hadde lyst til å setje meg ved pianoet og berre synge og spele for meg sjølv, kose meg med deilige melodiar.

Slik som eg gjer no for tida.

Det er rett og slett frigjerande for hjarte og sjel.


Å synge gjer meg til eit betre menneske, det er eg overtydd om!

Eg trur det har noko med at eg tek i bruk ei gåve Gud har gitt meg.

Eit ynskje om å formidle noko med musikk, og ei stemme som kan treffe tonar.

Det handlar ikkje om å imponere eller verte lagt merke til.

Men for å kunne nå ut med noko til nokon, må eg tørre å ha litt frimod.

Våge og tru at eg faktisk kan.

Tru at det er plass til meg også.

Men det hadde jo vore greit om eg slapp å spørre om oppdrag, vere frampå.

Markedsføre meg sjølv.

Slike ting held meg tilbake.

Eg ynskjer ikkje å konkurrere, bruke albogar, bli sett på som sjølvgod.

Det er noko spesielt å bli spurd, å kjenne seg ønska.

Men det fungerer ikkje alltid slik!

Ein må stå på litt sjølv også.

Eg har vorte flinkare til det i det siste.

Får håpe det varer ...

Ei stund iallefall...


"What you can do, or dream you can, begin it,

boldness has genius, power and magic in it" (Goethe)


Det er plass til deg også!!
Gunhild Sofie






5 kommentarer:

  1. Godt å lese, Gunhild! Du har en herlig blogg med nydelige bilder, fine ord og gode tanker!!

    Klem!

    SvarSlett
  2. Oj Gunhild. Du er en kunstner med ord, farger og bilder. Utrolig flott blogg. Her vil jeg finne mer en bare "underholdning". Her fant jeg ro, en som har mange liker tanker, eksistens slik man føler, men ikke klarer si selv. Her fant jeg noe mer......

    Klem fra Hege

    SvarSlett
  3. Jeg tror også jeg blir et bedre menneske av å synge... (Selv om jeg hele tiden må jage bort de tankene som sier at jeg og stemmen min ikke er god nok).
    Liker bloggen din veldig godt.

    SvarSlett
  4. Eg kjenner veldig godt til slike tankar. Og dei må jagast bor, bort, bort!! Dei gjer ikkje anna enn å øydelegge for oss. Min filosofi er: har du lyst, har du lov!! Kven er det eigenleg som kan bedømme om eg er god nok? Hjelper ikkje å ha verdens beste stemmeprakt eller teknikk dersom ein ikkje har noko å formidle! Og det har du!! Slikt går rett til hjartet.

    SvarSlett
  5. Hei Gunhild! :) Så flott blogg! Og veldig inspirerande lesing for oss andre som trenger frimodighet:) Håper alt er bra med deg!
    Klem fra Linn :)

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?