tirsdag 1. juni 2010

I left a piece of my heart in Chicago

Det finnest mange stader som har ein spesiell plass i mitt hjarte.
Det finnest ein by i USA der ein stor bit av hjartet mitt alltid vil vere.

bilete
Chicago.
Eg lengtar stadig vekk tilbake dit.
Første gong eg reiste til Chicago var då eg studerte musikk i Staffeldtsgate.
Det sette spor i meg som har prega meg sidan.
Korleis i all verda skal eg greie å beskrive det slik at du som lesar kan ane kva eg snakkar om?
Kor skal eg starte hen? Dette kjem til å verte eit alt for langt innlegg...

Det er musikalske opplevingar det handlar om, men samtidig noko mykje meir enn det.
Eg kan bruke musikalske stikkord: drivande  rytme,  improvisasjon, hammondorgel, kor, "halsbrekkande" tonar, klapp på 2 og 4, dans, gospel.
Eg kan bruke andre beskrivande ord: energisk, rått, ekte, kraftfullt, optimistisk, frimodig, deltakande, oppmuntrande, oppbackande
Eg kan bruke eitt ord: fridom.
For det var det eg kjente første gong eg var på gudsteneste i ein såkalla "svart kyrkjelyd".

Det var fargerikt, drivande, engasjerande, mykje kjensler, stemning og glede, dundrande hammondorgel og song og musikk konstant tre timar i strekk.
Ein eller annan stad i meg gav denne opplevinga gjenklang.
Kvifor kjende eg fridom? Fridom frå kva? 
Nokre år seinare var eg tilbake igjen.
Eg kunne aldri sleppe denne opplevinga.
Då eg skulle skrive hovudoppgåve i musikkvitskap, visste eg kvar eg måtte dra.
Eg visste ikkje heilt kva problemstillinga for oppgåva skulle vere, men eg visste at utgangspunktet skulle vere denne kyrkjelyden.
Eg sa eg skulle studere gospelmusikk i ein svart kyrkjelyd.
Men det var ikkje eigentleg sjølve musikken som interesserte meg. 
Stilmessig er tradisjonell gospel utruleg enkel, med mange repetisjonar og enkel harmonikk, rytmisk og glad, og kanskje litt keisam i lengda dersom ein berre sit og høyrer på.
Gospel er artig dersom ein deltek i musikken!
Og det var nettopp denne sida ved afroamerikansk musikkultur som engasjerte meg.
Gospel vart noko nytt i møte med denne kyrkja i Chicago.
Å vere deltakande i musikk og gudsteneste vart også noko nytt.
Det er her ordet fridom er så beskrivande.
Det var rom for å handle på det du følte der og då, om det var å rope oppmuntrande "yes", eller "sing it, sister", danse med rytmen, reise deg og klappe med, synge med.
Og det var rom for å vere meir tilbakelent, betraktande, roleg, lyttande; men kven ville vel det når stemninga stod i taket, viss ikkje ein var frå Noreg, då.
Det var ok å la seg rive med, kall det gjerne suggesjon, men ein positiv suggesjon, noko vi i Noreg i mange tilfeller er livredd for eller veldig skeptisk til, særleg i kristne samanhengar.
Det var ikkje naturleg for meg å delta i musikken og gudstenesta på same måte som dei andre.
På den måten var eg ikkje fri nok, eg hadde sperrer som eg skulle ønske eg ikkje hadde.
Likevel kjende eg fridom, for det var ikkje slik at ein måtte oppføre seg på ein særskilt måte for å verte inkludert i fellesskapet.
Her var det rom for alt, både glede og sorg.
Å sitte i ro og lytte, eller danse og juble. 
Alt etter kva ein følte for.
"If you feel something, you're not going to sit there, you're going to move!" var det ein som sa til meg i eit intervju, og han sa det med stor innleving.
I to månader fekk eg vere med i denne kyrkjelyden, vere med på korøving kvar veke, synge i koret kvar søndag og til og med dirigere.
Eg fekk kome tett innpå mange av medlemane.
Eg fekk tid til å bli kjent med menneske med ein kvardag fjernt frå min eigen.
Eg fekk tid til å bli glad i desse menneska.
Dei lærte meg mykje om å takle motgang i livet.
Dei fleste var etterkommarar etter slaver, og hadde vakse opp medan USA framleis var strengt segregert.
Mange hadde mista familiemedlemar i gjengoppgjer, eller dei levde i farlege strøk der drap ikkje lenger var ein sensasjon.
Motgang for eit folkeslag gjennom århundrer prega framleis mange av mine vener.
Kyrkja og musikken var deira redning, det som fekk dei til å løfte blikket bort frå det vanskelege for ei lita stund, det som gav tru, håp og krefter til å kjempe vidare til neste gudsteneste.
"God will make a way!"
"He will take care of you"
"Lift up your heads, be encouraged"
....
"These are songs that just keep you going"
"The song got me through the rough times"
"You have to feel the music and let it go within and then come out!"
Innleving var viktig.
Om ein solist var dyktig til å synge, betydde ingenting dersom han eller ho ikkje hadde innleving.
Det måtte vere ekte, ærleg og truverdig.
For her var det ikkje snakk om å bli underholdt!
Bodskapen i songane var essensiell.
Eg hugsar framleis ein søndag då ei ung jente skulle få prøve seg som solist.
Ho starta forsiktig, men folk i salen ropte oppmuntrande og klappa, ho vart meir vågal, og improviserte meir og meir, medan forsamlinga vart meir og meir engasjert.
Jenta var ung og uerfaren, ho song surt til tider, men ho song med hjartet, og responsen frå salen gav ho større og større frimod til å prøve nye melodiske utspring.
Ho fekk folk i salen til "another level".

Eg tenker ofte på akkurat denne jenta akkurat denne søndagen, når eg sjølv held på å øve inn ein ny song, eller eg underviser songelevar.
Teknikk er viktig for å kunne få til det ein vil, men har ein ikkje noko å formidle, så er det vanskeleg å nå fram til publikum.
Songteknikk er berre eit verktøy, ikkje eit mål!


...
Det er framleis mykje å skrive.
Men eg får spare noko til seinare, slik at eg kan få lagt ut dette innlegget.
Har du lest heilt til hit, så er det imponerande:-)

Ha det fint fram til neste gong.
I mellomtida skal eg få æra av å synge i førtiårsdag til ein fantastisk kollega!




Gunhild Sofie


torsdag 29. april 2010

Om perfeksjonisme og fullkommenhet

I påvente av fleire musikalske innlegg som er under utforming, vil eg sitere frå ei bok eg nettopp har lest:

"Fullkommenhet innebærer at man aksepterer begrensningen og sier ja til det ufullkomne
Vi er bare på vei, vi er ikke framme ennå. 
Perfeksjonisten krever at han og alle andre skal være framme ved målet. 
Ifølge et slikt krav burde vi allerede være engler til tross fra at vi ennå ikke er døde."



Frå "Flodhesten i dagligstuen" av den finske teologen og terapeuten Tommy Hellsten. Boka anbefalast på det sterkaste, men ver førebudd på at den kjem til å utfordre deg på mange områder dersom du vel å lese den.


mandag 12. april 2010

Thin places*


Living in the thin places
These places where I know I can reach out my arm,
and heaven shall reach out for me, meet me
Loving in the thin places
These places where love comes,
and silently crushes my fear
Breathing in the thin places
Even on my knees, the sky is sweaping my neck
- like a warm summer breeze

Time is still 
Crying in the thin places
Now heaven fills my heart, my blood,
my whole body, my soul
Power in the thin places
And I'm flying with no wings
Power to make the best out of things
My senses are in full awareness
Praying in the thin places

 bilete





* "thin places" - keltisk uttrykk som beskriv stader der himmel og jord møtest
* "thin places" - places where two worlds meet

onsdag 17. mars 2010

Visdomsord



Originally uploaded by James Godman
Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer,
for livet går ut fra det.
Ordspråkene 4.23

Guard your heart above all else,
for it is the source of life.



lørdag 6. mars 2010

Kvardag (2)

Denne songen song eg i barnedåpen til mitt eine tantebarn i fjor sommar.
Synest den beskriv så mykje om kvardagen til småbarnsforeldre, og alle utfordringane vi står ovanfor.
Den handlar om å ikkje la små ting bli til store problem.
Om at livet er det som skjer her og no!

"Ikke visste jeg at dagene som kom og gikk, var selve livet..."
(Kven var det som sa det, eigentleg?)

Sjølve framføringa mi vart ikkje så vellukka (vart veldig rørt og byrja å grine, og skulle ha lagt heile songen ned nokre toneartar)...
Men det var fleire enn meg med tårer i augene, så det gjekk kanskje ikkje så verst likevel:-)
Nederst har eg lagt til ein link dersom du vil høyre og sjå originalutgåva:-)


HVERDAG

 

Når en morragretten unge

Slår seg vrang og rekker tunge

og nekter å ta klær og støvler på.

Når melkeglasset veltes

og geitostmaten eltes

mellom fingre som er klønete og små.


Så husk at denne dag må du ta vare på,

den forsvinner mellom fingra dine nå.

En gang vil du savne slitet.

Da er det for sent å vite.

Det er du som gjør din dag og tinning grå.


Når skrikinga og skrålet,

blir litt mer enn du kan tåle.

Og du kjefter på en glede og en lek.

Når du har glemt å leve.

Midt i hverdagen og strevet,

og tålmodigheten din har satt sin strek.



Så husk at denne dag må du ta vare på,

den forsvinner mellom fingra dine nå.

En gang vil du savne slitet.

Da er det for sent å vite.

Det er du som gjør din dag og tinning grå.



Du er kysten som de en gang seiler fra.

Si meg: hvem er stor og hvem er liten da?

Når fremtidshavet ligger som et speil,

blås din medvind inn i deres seil.


Når lørdan blir til sønda.

Du ber en stille bønn da,

om at unga ikke våkner klokka fem.

Men vårherre kan`ke love,

at du skal kunne sove,

når to små kommer inn med morraklem.


Så husk at denne dag må du ta vare på,

den forsvinner mellom fingran dine nå.

En gang vil du savne slitet,

da er det for sent å vite.

Det er du som gjør din dag og tinning grå.


Louis Jacoby

 

torsdag 25. februar 2010

Dans på roser

"livet er ingen dans på roser"
"dans på roser" er visst ein slags metafor
for lukke og glede, bekymringslaus
men roser har torner
så kanskje er livet
som å danse på roser
likevel
røre seg
steg for steg
dansetrinn for dansetrinn
gjere sitt beste
for å unngå tornene
mange måtar å
røre seg på
sjølv
når eg står stille
rører livet seg

fredag 19. februar 2010

Love without boundries

My husband and I are singing The Fathers Song in my fathers 60th birthday next weekend.
This song gives me a glimpts of what kind of love God has for every humanbeing.

Endless, unchanging love, without boundries!!

The Fathers Song

I have heard so many songs, Listened to a thousand tongues
But there is one That sounds above them all
The Father’s song, the Father’s love
You sung it over me, and for eternity
it’s written on my heart

Heaven’s perfect melody.
The Creator’s symphony.
You are singing over me: The Father’s song
Heaven’s perfect mystery
the king of love has sent for me,
and now you’re singing over me:
The Father’s song

Matt Redman

 

 Sefanja 3.17: Herren din Gud er hos deg,
en helt som har makt til å frelse.
Han gleder og fryder seg over deg
og gir deg på ny sin kjærlighet.
Han jubler over deg med fryd
som på en høytidsdag.

onsdag 10. februar 2010

This is me singing

Here's a video of me singing Autumn Leaves.
I chose a well known jazz standard to try out my improvation skills.
One of my students last year, Nick, is playing guitar (natural talent!!).
The video is mainly meant for documentation, so the sound quality is not the best, but it's not too bad either:-)
I have sung a lot, but not much has been taped.
So here you go, (if you skip past the first 30 seconds), you will hear what my voice sounds like:-)





Gunhild Sofie

tirsdag 9. februar 2010

Om tid på 2 minutt

Eit triks som eg vil anbefale dersom ein synest det er vanskeleg å kome i gang med skriving, er å berre "la pennen gå" i 2 minutt. Det gjorde eg tidleg i haust, saman med nokre elevar, ute i skogen, og slik vart desse orda om tid skrive ned (utan filter!!).


Tid er langt og bredt og stort og gjennomsiktig.
Det er mye man kan gjøre med tiden.
Nesten for mye.
Mye går med til å sove.
Av og til er det som om tiden går forbi uten at jeg merker det, og akkurat den tiden kommer aldri tilbake.
Klokka halv seks i går, for eksempel.
Det er ikke den samme tiden som halv seks i dag.
Noe Oda fant ut i dag, ved frokostbordet, når vi satt og pratet om mangt og forskjellig.
Hun holder på å lære seg klokka.
Hun sa: Vi får aldri klokka halv seks tilbake.
Tid er gyldne øyeblikk som dette.

Gunhild Sofie, sept -09


Here I am







I am



I love



I hope



I laugh



I believe



I try



I struggle



I cry



I doubt



I fear



I fail



I sing






I live






Gunhild Sofie -10


lørdag 6. februar 2010

Vær frimodig (2)!


Eg elskar å synge!

I det siste har eg sunge meir enn nokon gong.

For det meste heime i stova, åleine i huset.

Og det er lenge sidan eg kjente at eg hadde lyst til å setje meg ved pianoet og berre synge og spele for meg sjølv, kose meg med deilige melodiar.

Slik som eg gjer no for tida.

Det er rett og slett frigjerande for hjarte og sjel.


Å synge gjer meg til eit betre menneske, det er eg overtydd om!

Eg trur det har noko med at eg tek i bruk ei gåve Gud har gitt meg.

Eit ynskje om å formidle noko med musikk, og ei stemme som kan treffe tonar.

Det handlar ikkje om å imponere eller verte lagt merke til.

Men for å kunne nå ut med noko til nokon, må eg tørre å ha litt frimod.

Våge og tru at eg faktisk kan.

Tru at det er plass til meg også.

Men det hadde jo vore greit om eg slapp å spørre om oppdrag, vere frampå.

Markedsføre meg sjølv.

Slike ting held meg tilbake.

Eg ynskjer ikkje å konkurrere, bruke albogar, bli sett på som sjølvgod.

Det er noko spesielt å bli spurd, å kjenne seg ønska.

Men det fungerer ikkje alltid slik!

Ein må stå på litt sjølv også.

Eg har vorte flinkare til det i det siste.

Får håpe det varer ...

Ei stund iallefall...


"What you can do, or dream you can, begin it,

boldness has genius, power and magic in it" (Goethe)


Det er plass til deg også!!
Gunhild Sofie






torsdag 4. februar 2010

Vær frimodig!


For to år sidan fekk eg akrylmaling og lerret til jul av mannen min.
Eg hadde ønska meg det.
Men det skulle ta over to år før eg fekk gjort noko med ønsket mitt om å male.
Først vart utstyret liggande på kontoret, heilt til mellomste jenta fann ut kva ho kunne bruke raudt til :-)
Då havna det på loftsboden!
Og der vart det liggande, heilt til no.
Det hjalp å arrangere malekveld med ei god venninne!
Vi satt og prata, mala og høyrte på Kristin Asbjørnsen (ei av mine favorittsyngedamer), og eg har ikkje kjent ei slik lukke og ro på lenge!
Imponerande kva ekte kunstnarar kan få til!
Mitt er amatørmessig i forhold.
Men det var ikkje det som var poenget heller, å lage noko som skulle imponere andre.
Eg gjorde det for meg sjølv.
Det er så mange ting i livet som kan hindre ein i å få gjort noko med draumane sine.
For min del er det trangen til å uttrykke meg med ord, fargar og musikk som heile tida kjem i bakleksa, etter ungane, mannen, heimen og arbeidet.
Og mykje anna som snik seg inn imellom.
Difor er det viktig å leve litt på slike "oaser" når dei kjem.
Eg har kalla bileta for "Frukter", og skrive på ord som beskriv mine draumar og ynskjer for familien vår og heimen vår.
På det eine står det "klemmer", "godhet", "raushet", "bruke navn", "interesse", "involvering", "ekthet", "åpenhet", "ydmykhet", "medfølelse", "medvandring", "dele", "gi", "gi plass", "oppmuntre", "trofasthet", "tilgivelse" og "mildhet".
Og det kunne stått mange fleire.
På det andre står det "frimodig".
Er det noko som ofte hindrar meg i å bruke mine kreative evner, så er det mitt mangel på frimod.
Er det noko eg ønsker å gi borna mine, så er det frimod til å bruke sine evner og talent.
No heng maleria i gangen, slik at vi kan bli minna om desse tinga mange gongar om dagen.
Vær frimodig!

Gunhild Sofie

tirsdag 2. februar 2010

Eksistens

Det kunne vore eit anna menneske
som fekk mitt liv.
Men det vart eg.

Gunhild Sofie

Kvardag

Sur mjølk
Skitne klede
Klissete golv
Grått belegg i vasken
Snått utover eit barneandlet
Tusj på bordet, veggen, finkjolen, små hender
Prikkande uro, bevisst pust

Gunhild Sofie

Hemmelighet (Hysj!)

Det er ikkje ein hemmelighet at du er i mitt liv.
Det er ein hemmelighet at eg er i ditt.
Det er ikkje ein hemmelighet at sola løfter meg.
Det er ein hemmelighet at eg treng å løftast.
Det er ikkje ein hemmelighet at aviser gjer meg trist.
Det er ein hemmelighet at eg må trøystast.
Det er ikkje ein hemmelighet at hemmeligheter vert fortald.
Kan eg få vere din hemmelighet?

Gunhild Sofie

Secret (Hush!)

It's not a secret that you are in my life.
It is a secret that I'm in yours.
It's not a secret that that the sun lifts me.
It is a secret that I need to be lifted.
It's not a secret that newspapers make me sad.
It is a secret that that I need to be comforted.
It's not a secret that secrets are told.
May I be your secret?

Gunhild Sofie

mandag 28. desember 2009

Noen tanker er bønner.
Det fins tilfeller - uavhengig
av kroppens stilling - da sjelen
har gått ned på kne.

Victor Hugo


tirsdag 15. desember 2009

Sakn

Å sakne er å tenkje og lengte etter nokon eller noko som ikkje er her akkurat no.
Dei er i ein viss avstand frå meg, og eg kan ikkje nå dei før om timar eller dagar.
Men eg kan også sakne i minutt og sekund; at døra går opp og du kryp opp i senga til meg.
I halvsøvne legg du deg mellom oss, på puta mi, ryggen din mot min, gjev meg av varmen din. At du fortel om noko som har hendt, eller brått skjønar ein ny enkel ting om livet, vert ivrig og fortel og ler ein springande latter; er tilstades.
At du har ein dårleg dag, sutrar og grin for graut til middag, feil farge på buksa, veslesøster som vil klemme, eller manglande merksemd i augneblinken.
At du stadig ropar: "Mamma, sjå på meg no!" medan du tek sats og slår hjul, hoppar tau, heng opp ned mellom trappetrinna.
Når eg er borte saknar eg deg.
Lukke er å ha nokon å sakne til eg ser dei igjen.
Gunhild Sofie -07

tirsdag 10. november 2009

Something I heard

"In the desert, there is a sin that is worse than murder.
It's knowing where there is water, and not sharing the knowledge with others."

How to get rid of the trash

First, you need to see that it's there.

Gunhild Sofie