tirsdag 26. juli 2011

U T A N O R D

Utan ord
sit vi
lyttande
til radioen i bilen
"Vi var jo der
for berre nokre
få dagar sidan"

Utan ord
må vi snakke
om det
vi høyrer

Utan ord
kjem vi fram
til gode vener

skrur på TV-en
ser
kjenner
kjensler utan ord
ord må likevel delast
saman
tårer av nyheiter


ufatteleg
trist

Betre å vere
hata
enn
gløymt?
Hadde du
ingen fleire
alternativ enn dei to?
Sjølv om samfunnet vårt viser seg frå sitt beste no,
så har vi likevel feila
når eitt menneske kan greie
å gjennomføre slik vondskap
i einsemd

Vi står saman i sorg
Vi står saman i sinne
Og vi må stå saman no,
verne om borna våre,
kjempe mot einsemd og isolasjon
med nærleik og merksemd
ord i kjærleik

Lat oss vere sinte
over vondskapen
men
ikkje hate!
Måtte du
oppleve
kjærleik
stor nok

så du skjønar
angrer
så soninga vert ei bot
og ikkje siger

så du skjønar
kva kristen fridom er
Aldri hat
men rausheit
openheit
til ALLE

utan ord
kjempar vi rasande mot vondskap og hat
står vi saman
med ord i kjærleik.





9 kommentarer:

  1. Utrolig flott dikt om det vonde som skjedde. Ja, la oss stå sammen med ord i kjærlighet!
    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. Vanskelig det der med å ikkje hata. Men uansett kor sint ein kan bli over slike handlinger så er det viktig å legga vekta på det motsatte. Likevel veit eg ikkje heilt om eg klara å la ver å hata denne personen, men eg nekta å la hatet få overtaket! Eg finn det uansett veldig godt å sjå korleis me har klart å møta desse handlingane. Eg vert stolt over all varme og støtte heile folket har vist kvarandre!

    SvarSlett
  3. Takk for kommentarar! Vanskeleg, ja. og kanskje lettare å seie når ein sjølv ikkje er pårørande. Veit ikkje korleis eg sjølv hadde takla det dersom det hadde kome så brutalt nært. Likevel, viktig å seie synest eg, for hat er på mange måtar verst for den som ber på det, det bind menneske. Viktig korleis vi brukar ord! Stoltenberg har vore enormt vis i sin ordbruk, noko som har stor påverknad på oss. Hadde han brukt andre ord, t.d. slike som Bush gjorde etter 11.september, så hadde stemninga i Noreg vore heilt annleis trur eg...

    SvarSlett
  4. Det er eg heilt enig i! Stoltenberg sine ord har vore verkelig gode! Og eg er jo så enig i alt det som han seier vedr dette. Likevel ligger hat-tanken der. Men eg jobber med det at tanken ikkje skal få gro seg fast, kanskje den er ein del av ei slags bearbeiding av all dette forferdelige. Enda er eg ikkje ein nær pårørande, tenke seg til korleis det må vere for dei! All ære til de som klarer å fjerne seg for hatet!
    Men viktig det du seier: ting må nevnast!!

    SvarSlett
  5. Selv om vi føler at vi ikke har ord, forsøker vi allikevel. Noe må ut; uttrykkes. Det splittede i oss; det som frykter - har behov for beskyttelse, og det som søker utover - trenger nærhet, fellesskap; begge deler er der. På et vis både forenelig og uforenelig på en gang. Slik livet ofte er; kontrastfylt.

    SvarSlett
  6. Ja, maryathome, desse kontrastane er ein del av livet, og no har vi verkeleg fått sjå den brutale sida av det... Du beskriv det veldig godt. Og takk for oppmuntring, Sigrid <3

    SvarSlett
  7. Du skriver saa utrolig bra Gunhild.
    Klem fra Hege

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?