mandag 23. mai 2011

Tida mi

Det har vore mykje av den
ei god stund.
Tid for berre meg.
Tida mi.
Framtida mi

Er alt mogeleg? Oftast uhandgripelege,
desse mogelegheitene
God? Vanskeleg i lengda
Men god også, ofte
Dei gongane  eg 
tek kontrollen

Som i ei kiste ligg tida
om morgonen, gjennomsiktig.
Klar og skinande, ventande
”Korleis fyller ho meg i dag?”
Nokre dagar er kista
tung å opne
tung å fylle
Slik som i dag

Men det minkar på tida
Det kjem ei tid der denne dagen 
vert eit sakn
Om ikkje lenge har eg like mykje 
tid
Men tid som ikkje lenger er
berre mi, der eg ikkje lenger kan
forme livet slik eg ynskjer
Den tida har eg 
akkurat no

Eg opnar kista og legg
sekund for sekund av dagen i
Som tone for tone
i ein song.





4 kommentarer:

  1. Så vakkert!! Det er noko eige å ha tid åleine ja. Som oftast merkar ein det gjerne ikkje før ein er fleire, og då kan ein sakna åleinetid. Likte spesielt godt siste verset! Takk for at du deler:)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det, Røsslyng, det varmer med slike kommentarar! Eg er nok langt frå så dreven som du, og det er sikkert mykje eg kunne ha bearbeida her, men det er noko med å beskrive ting slik dei er akkurat der og då. Så er det ikkje så viktig for meg om teksten er heilt perfekt:-)

    SvarSlett
  3. Vakkert. Vakkert. Likte dette masse, Gunhild Sofie!
    Ønsker deg en fin kveld
    Klem Tonje

    SvarSlett
  4. Så nydelig skrevet, Gunhild! Eg og likte godt den siste delen. Tenker det er viktig å ha de orda i tankane slik at sekunda blir verdifulle. :-)ha ein fin kveld!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?