mandag 27. desember 2010

Winter Wonderland

Her eg bur har vi fått Winter Wonderland ute til jul.
Og så eg som får julestemning av regn og vind.
Men det er fantastisk ute no, og heldigvis ikkje for kaldt til å vere ute.
To dagar til romjulskonserten vår, og vi har øvd inn ein gøy versjon av Winter Wonderland.
Så gøy at valget passar til omgivelsane!
Visste du forresten at Parson Brown var ein prest i USA som reiste rundt og gifta folk i bygder som ikkje hadde prest?
Eg høyrte det på radioen:-)
....
"In the meadow we can build a snowman
and pretend that he is Parson Brown.
He'll say: "are you married?" We'll say "No, man,
but you can do the job when you're in town."
... 

Her i ein annan versjon enn vår, med ei legendarisk stemme!



fredag 17. desember 2010

I wonder as I wander

Dette arrangementet på "I wonder as I wander" er fantastisk.
Den kjem i ein litt forenkla versjon på romjulskonserten, med vokal, piano, perkusjon og koring.
Istaden for cello skal eg utfordre mine improvisatoriske evner, så no ligg eg i hardtrening;-)
Sidan det er dei færraste forunt å synge som Carola, særleg med den krafta ho har når ho tek i på lyse tonar, så skal eg finne min eigen måte.
Eg likar så godt slike songar der eg kan bruke kontrastane som finnest i stemma.




I wonder as I wander

I wonder as I wander out under the sky
How Jesus the Saviour did come for to die
To save lowely people like you and like I;
I wonder as I wander out under the sky

When Jesus was born it was in a cow's stall
With shepherds and wise men and angels and all
The blessings of Christmas from heaven did fall

And the weary world woke to the Saviors call

(Tekst av John Jacob Niles, basert på eit fragment av ein folketone funne i 1933.)

 

mandag 13. desember 2010

Have yourself a merry little Christmas

Har alltid hatt lyst til å synge denne amerikanske klassikaren frå filmen "Meet me in St.Louis".
No når det vert romjulskonsert i Kunsthuset på Almås onsdag 29.des, 
skal eg mellom anna synge den.
Vi gleder oss alle saman til denne konserten, der vi har plukka ut julesongar i stor variasjon; alt frå amerikanske svisker, til svenske og norske nye og gamle, rolege og songar med fart i.
Akkompagnert av gitar, piano og perkusjon.
Intimt og akustisk.
Velkomen på konsert!
Klokka 20.00.
Katie Melua insprerer meg til øvinga på dagens julesong:-)


søndag 5. desember 2010

Juleplate-anbefaling!



Ei juleplate som anbefalast på det sterkaste!
Annaleis, 
sterkt
nært og levande
Laga av ekstremt talentfulle og musikalske jenter, tvillingane Hildegunn og Iselin Garnes Reigstad.
Dei er på juleturnè no, så dersom dei kjem til ein stad nær deg, bør du ikkje gå glipp av konserten.
(Bilete henta frå heimesida deira. Der ligg det også ein turnèoversikt:-))


God 2.søndag i advent!


onsdag 1. desember 2010

Maybe this Christmas



Maybe this Christmas will mean something more
Maybe this year love will appear
deeper than ever before

And maybe forgiveness will ask us to call
Someone we love
Someone we've lost
For reasons we can't quite recall
Maybe this Christmas

Maybe there'll be an open door
Maybe the star that shined before
Will shine once more

Maybe this Christmas will find us at last
In Heaven at peace
Prayful at least
For the love we've been shown in the past
Maybe this Christmas

(t/m: Ron Sexsmith)


Mitt syngande prosjekt dreg ut.
Godt at det er andre songprosjekt som kjem i vegen, og ikkje berre unnskydningar;-)
Mannen min sin onkel har eit kunsthus med flygel og plass til 40 personar.
Vi har gått saman ein liten gjeng for å lage intimkonsert i romjula.

Her er ein julesang som ei venninne av meg skal synge der. 
Eg gleder meg veldig til å høyre ho synge den, for ho er så flink.
Det fine med å sette seg konkrete mål er at ein oppdagar så mange gode songar!
Har du spotify vil eg anbefale deg å høyre på Sarah Dawn Finer sin nydelege versjon.
Eller kome i kunsthuset og høyre den med ei anna nydeleg stemme.
Kanskje eg etter kvart deler fleire av julesongane vi skal synge.
Meir info om konserten kjem kanskje også:-)