mandag 22. november 2010

Kunstnarsjel

Eg veit det er mange kunstnarsjeler der ute
Som lengtar etter å skape, verte inspirert, inspirere andre
Lengtar etter merksemd, ikkje for å verte populær, men for å nå ut
Eg veit det er mange som gir opp før dei har starta
Som treng nokon som ser, oppmuntrar, oppfordrer
Som drøymer om ei indre drivkraft, ikkje ytre



I nokre samanhengar vert det sett ned på om ein vågar å vere frimodig, stikke seg litt fram
Du skal ikkje tru du er noko, mange andre kan gjere det som du gjer
(Og så? Skulle ditt bidrag vere mindre verdt av den grunn?)
Ingen seier det direkte, men manglande stadfesting seier også noko
Men du veit innerst inne at du har noko å kome med

Mange finn publikum, når ut, på internett

Kunstnarsjel,
det er supert å blogge, det gir så mykje til mange at du deler
Men ikkje la det ta over
dersom det eigentleg er noko anna du lengtar etter
Det verkelege, handfaste, nære møtet med menneske
der ein ser og merkar om det ein deler 
vert teke imot
Våg å vere frimodig
Men finn den indre drivkrafta du treng
Den finst i kjensla av brikker som dett på plass når du brukar ditt talent
Når lysta til å ta fatt er nok
Er du som meg, så set deg eit mål
Stort nok, lite nok til å kunne realiserast
Og våg samtidig å drøyme 
så stort du vil





søndag 14. november 2010

Vær frimodig! 3

Fork 11, 1-6. Du vet ikke hva som vil lykkes


"Kast ditt brød på vannet,

lenge etter kan du finne det igjen.

Del det du har, med sju eller åtte;

for du vet ikke hvilke ulykker

som kan hende på jorden.

Når skyene blir fulle av regn,

øser de det ut over jorden.

Faller et tre, mot sør eller nord,

blir det liggende der det falt.

Den som akter på vinden, får ikke så,

den som kikker på skyene, får ikke høste.

Likeså lite som du vet

i hvilken retning vinden blåser,

eller hvordan knoklene dannes

hos fosteret i mors liv,

likeså lite kan du vite

hvordan Gud som skaper alt, gjør sitt verk.

Så din sæd om morgenen,

og la ikke hånden hvile mot kveld.

Du vet jo ikke hva som vil lykkes,

enten det ene eller det andre,

eller om begge deler er like gode."



Så vær frimodig! Del dine tankar, våg å gi av det du har fått, enten det er kunstneriske evner, pengar/materielle ting, ord og tankar.... fyll inn det som passar:-)
Eit fint mål for veka som kjem?

fredag 12. november 2010

Fredag-kveld

Tidlegare skreiv eg at eg og mannen min skulle ut og synge i november.
Det er i dag det skjer.
Her ser du kva eg skreiv om litt av førebuingane, og ein av songane vi skal synge.
Spent på kvelden!
Sommarfuglar og forventning i magen.
Og ein redsel som ligg der og lurar.
Men vi ønsker å setje musikken og songane i sentrum, ikkje oss sjølv.
Så eg kan vel eigentleg berre slappe av og ha frimod.

Gunhild Sofie

torsdag 11. november 2010

Dagen i dag, ein start

Ungane avgarde på skulen, barnehagen, mannen på arbeid
Ingen jobbtelefon i dag
Stille
Kaffikopp og PC
Tusen trådar å følge opp
Tusen ynskjer, tusen draumar
Starte ein stad, sende eit par epostar

Nyte synet av fjell på alle kantar
Kanskje ringe ein ven som er langt borte
Tenke at eg burde trent litt, men vips så var dagen gått

Leite etter nytt repertoar, julesongar, kanskje
I morgon skal vi synge på Fredag-kveld , øve til det
Følge opp ein konsert-idè
Sette på ei maskin med klede
La rotet ligge til rett før mannen kjem heim, nei, la det ligge til vi kan rydde saman
Skrive ned ord, tankar, kanskje eg vågar å delta i debatt
Kjenner at eg vil ut med så mykje
Inspirasjon, håp, frimod, fridom
Skrive ein song
Miste motet, dømme meg sjølv før eg har starta
Kjempe mot
Bøn, nye krefter, nytt frimod

Steg for steg
I sirkel, jobbar meg stadig lenger ut frå senteret
Men rundt og rundt er også ein veg, ein sti
Lag på lag vert ein solid stamme, eit tre som veks
Eller berre ein krusedull
Fullføre noko
Der.



tirsdag 2. november 2010

All you need is love

Steven Curtis Chapman er ein av dei kristne artistane som eg føler skriv frimodige tekstar som samtidig er ærlege og ekte om livet.


alle bilete i dette innlegget er henta her

Han har ikkje vorte spart for tragiske opplevingar, men det er heilt utruleg korleis han og familien har takla det. 
Fam Chapman har adoptert 3 jenter frå Kina, men mista minstejenta då ho vart påkøyrd i oppkøyrsla utanfor huset, fem år gamal. 


Historia deira er ei historie full av djup sorg og fortviling, og korleis å halde fast på håpet,  kjærleiken og tilgjevinga ikkje let det vonde slå rot.
Om å vinne over det vonde med det gode.
Om å ikkje gje opp, men å fortsette å skrive, lage musikk, stå saman  som familie.

Songane til Chapman veks og veks jo meir eg høyrer på dei.
Fengade gladlåter og fantastiske ballader, som den eg syng på no.

Handlar om å vere foreldrelaus og så finne ein heim.
When love takes you in, everything changes.