torsdag 29. april 2010

Om perfeksjonisme og fullkommenhet

I påvente av fleire musikalske innlegg som er under utforming, vil eg sitere frå ei bok eg nettopp har lest:

"Fullkommenhet innebærer at man aksepterer begrensningen og sier ja til det ufullkomne
Vi er bare på vei, vi er ikke framme ennå. 
Perfeksjonisten krever at han og alle andre skal være framme ved målet. 
Ifølge et slikt krav burde vi allerede være engler til tross fra at vi ennå ikke er døde."



Frå "Flodhesten i dagligstuen" av den finske teologen og terapeuten Tommy Hellsten. Boka anbefalast på det sterkaste, men ver førebudd på at den kjem til å utfordre deg på mange områder dersom du vel å lese den.


onsdag 21. april 2010

Nytt om frimod, og blogganbefaling!

I bloggeland er det mange som har nytt innlegg kvar dag, nokre fleire om dagen.
Eg imponerast!
Det har ikkje eg.
Eg brukar litt tid på å skrive innlegga mine.
Eg brukar tid på å leite etter bilete, (og merkar at eg ønsker meg eit skikkeleg kamera:-).
Akkurat no har eg mange tankar om veldig mykje forskjellig, og arbeider med fleire innlegg.
Det kjem etter kvart!
Faktisk var eg nett så frimodig at eg turte å legge ut eit innleg på verdidebatt.no, hurra!
Viss du vil lese, så finn du det her.
I dag vil eg anbefale ein annan blogg dersom du likar å lese om kvardagsliv formidla på ein vakker, varm og kreativ måte.
Bloggen heiter "Gledelig tanke" og det er Anne Grete som skriv.
Sjå berre kva ho skreiv i dag:
Trikketur og trikketanker
"Jeg sjarmeres veldig av å kjøre buss, trikk og tog i denne byen. Og i andre byer. Ikke slik at jeg er så gla i å kjøre noe som helst når det er køer og fullt av folk. Men er formen og humøret sånn greit i vater, syns jeg det er både fint og veldig interessant.
Som i går.
Jeg kom inn i en overfylt trikkevogn.
Trikk er jo egentlig koselig.
Gammeldags
Skranglete hyggelig
Mennesker over alt, setene er opptatte, og vi står på hver ledige gulvflekk.
Helt tett
så nært hverandre at det er uendelig komisk at vi ikke kjenner hverandre
nærere enn bestevenninner som skravler intenst om de innerste følelser
nærmere enn jeg klarer å prate med noen som helst
Helt innpå livet til andre mennesker
med sine gleder og sorger
sine tanker i øyeblikket
Man hører private telefonsamtaler om hvor kjedelig det er på jobben
eller hvor vanskelig det er å forholde seg til mamma
praten mellom kjærestene som ikke klarer å holde smilet tilbake
eller som slår opp
guttegjengen på fjorten snakker om læreren
eller hu fine i åttende
den gamle mannen prater med kona si om hva de skal kjøpe til barnebarnet
eller om hvor fin ungdom vi har nå til dags
den narkomane forteller om hvordan det gikk galt
at han var bygningsarbeider
men så skjærte det seg med kona og han ble syk
pass på deg selv og de du er gla i

Jeg er innerst inne uredd mennesker
for jeg skjønner at vi er like
vi er redd for det samme
vi ønsker det samme
vi roter det til i forhold som betyr noe
vi savner ungene våre
vi vil hjem til sofa og trygghet
stillhet
vi lengter etter en kjærest
en å elske

Alle trenger minimum 40 minutters fysisk kontakt, sa ei venninne av meg her en dag.
Kanskje en skulle ta trikken kun av den grunn
og få noen gode tanker på kjøpet."    

Viktig, varmt og vakkert, synest eg. Det er så lett å tenke at andre verkar så trygge på alt, at andre får til alt. Men dersom vi brukar augene, øyrene og hjartet og tek oss tid til å lytte og sjå kvarandre, så ser vi fort at vi alle er på same trikk:-)!

Med ønske om ein god og velsigna dag for deg som les,



mandag 12. april 2010

Thin places*


Living in the thin places
These places where I know I can reach out my arm,
and heaven shall reach out for me, meet me
Loving in the thin places
These places where love comes,
and silently crushes my fear
Breathing in the thin places
Even on my knees, the sky is sweaping my neck
- like a warm summer breeze

Time is still 
Crying in the thin places
Now heaven fills my heart, my blood,
my whole body, my soul
Power in the thin places
And I'm flying with no wings
Power to make the best out of things
My senses are in full awareness
Praying in the thin places

 bilete




* "thin places" - keltisk uttrykk som beskriv stader der himmel og jord møtest
* "thin places" - places where two worlds meet

Come on, come on, lift your eyes up!!

This song became a comfort for me today
So I want to share it with you
If things in your life seems hopeless
You can always lift your eyes up to the hills

Salme 121


torsdag 8. april 2010

Håp og sommarfuglar

Sommarfuglen er blitt veldig populær dei siste åra.
Den blir stadig brukt på klede, i interiør, i kunst og i illustrasjonar.
Ungane elskar den.
Eg også.
Fordi sommarfuglen har sterk symbolverdi.

 bilete
Den syboliserer mellom anna håp.
Håp om framtida.
Håp og forventning om ting som skal skje.

 bilete

I meg heng håp, tru og forventning i alle fall tett saman.
Når eg håpar at noko skal skje, så byrjar eg å forvente det, og etter kvart tru på at det kan verte realitet.
Det ligg ei enorm kjelde av kraft i det å ha eit håp.
Særleg når ein har det som verst, er langt nede, opplever stor motgang, kan håpet vere det som held ein oppe.
Eit eksempel på dette er slavane sin overlevingsstrategi i USA på 16-, 17- og 1800-talet.
Kvite slaveherrar introduserte kristendommen for slavane for å gjere dei lydige og audmjuke.
Men det vart ikkje slik dei hadde tenkt.
Dei oversåg sprengkrafta i evangeliet.

bilete
I staden byrja slavane å drøyme om fridom.
Det kristne evangeliet viste dei at dei hadde eigenverdi som menneske med same rettar framfor Gud som dei kvite.
Dei brukte det dei hadde, songen og kroppen, til å ause ut all si fortviling, desperasjon, og lengsel etter fridom.
Trua og håpet på eit liv etter døden, saman med musikken, som var noko av det viktigaste i afrikansk kultur, vart det som heldt dei oppe. 

 bilete
Håpet om eit betre liv.
Håpet om å treffe att familie i himmelen.
Håpet om at døden ikkje er det siste.
Håpet om fridom.
Midt i djupaste mørke vart negro spirituals skapt og overlevert munnleg gjennom generasjonar.
Songar med sorg, trøyst, lengsel og sterkt håp i seg.
Sjelfulle songar.

bilete

Eg kan vel aldri heilt sette meg inn i ei slik liding som slavane gjekk igjennom. 
Likevel finn eg referansepunkt, noko som gjer at eg kan gjere songane til mine eigne.
For kjensler som sorg, desperasjon, frykt, lengsel, håp... er alle kjensler eg kan kjenne meg igjen i.
Håp er ei av kreftene som driv meg framover.
Frå "Wayfarin' stranger" med Kristin Asbjørnsen har eg plukka nokre negro spirituals.
Her er ein som eg jobbar med no, som vert med på neste oppdrag:

Don't be weary, traveler

Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler

Come along home



My head got wet with the midnight dew

Come along home

The angels bear me witness to

Come along home



Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler

Come along home



Where to go I did not know

Come along home

Come along, oh weary soul

Come along home



Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler


Come along home 



mandag 5. april 2010

Ja, eg er også kreativ!!

No har eg blitt medlem av eit nytt bloggfellesskap: 
Kreative Kvinner.
For sjølv om eg ikkje er så ivrig til å strikke, sy eller drive med anna handarbeid (sjølv om eg kan viss eg vil), så synest eg det var så flott å finne ein blogg som forsøker å samle kreativitet!
Eg håpar fleire som driv med formidling av ein eller annan sort, blir med i fellesskapet!
Musikk er nok mi hovudgreie.
 bilete
Eg syng og spelar piano, og har drive mykje med kor både som songar og dirigent.
(I gamle dagar spelte eg også elbass.
Eg kjøpte bass for konfirmasjonspengane mine, sidan eg ikkje fekk nok til saxofon:-). Spelte i band og fekk undervisning, men øvingsdisiplinen vart aldri særleg stor...
Har bassen enno, og har brukt den ein del i jobben som musikklærar på ein folkehøgskole.
Der har eg også dirigert ein del, og det kjekkaste av alt, undervist i song!
Når det gjeld musikkformidling, så er det aller helst song eg vil drive med.
Eg vil synge songar som både snakkar sant om livet, og som gjev håp og livsmot.

bilete
Eg vil synge groovy, glade songar og mollstemte klagesongar.
Eg vil synge frimodige og ærlege songar.
Eg vil formidle noko til folk som høyrer på.
Akkurat no er eg i ein fase der eg leitar etter repertoar, og eg finn mykje. (Neste innlegg blir kanskje ein song som eg skal framføre 15. april:-))
Men mest av alt skulle eg ønske eg fekk ro til å lage songar sjølv!
bilete
Tekstar er vanskelege synest eg, melodiar og akkordar kjem lettare.
Eg har ein forventning til at det skal løsne snart, dette med tekstskriving.
Har det på følelsen!
Eg likar jo godt å skrive!??!
I mellomtida syng eg andre sine songar, og har mykje glede av det!

I tillegg til å vere musikar, så leikar eg kunstnar for tida.
For tida seier eg, for eg veit ikkje kor lenge det varer.
Eg er glad i kunst, og ofte når eg har vore på utstillingar, så har eg kjent på ein lyst til å male.
I vinter malte eg akryl på lerret for første gong i mitt liv.
Resultatet av det kan du sjå her.
Det vart to på ein gong.
For eit par veker sidan malte eg mitt fjerde bilete, heime hos ein kollega som kan kunsten å male.
Her er det...

" Den gode hyrde"

Glad for at eg kan byrje på noko nytt sjølv om eg er midt mellom 30 og 40.
Det er spanande å tenkje på alt eg skal lære meg i framtida!
Atter ein gong vil eg seie: Vær frimodig med kreativiteten din!!
Gled deg over det du får til!
Det handlar ikkje om å bli lagt merke til, eller vere flinkare enn andre, men om å bruke evner og gåver som er gitt oss!
Ikkje mist motet om resultatet ikkje vert slik du hadde tenkt det, men bruk det til å lære, komme vidare på!