lørdag 31. desember 2011

Nytt år, gamle tankar?

Eg er eit tenkjande menneske.
Fell lett i store og djupe tankar, ofte når eg helst ikkje bør.
Tenkjer eg skal skrive dei, men når eg endeleg finn tid er tankane borte.
Det som eg synest var bra og viktig å dele.
Orda vart for store, så store at dei vart vanskelege å sjå.
Tida vart for lita, orda fekk ikkje plass.
Men tankane lever, for stadig dukkar dei opp att.
No på den siste dagen i året, fann eg litt rom i tida mi.
Men kvar vart det av orda?
Dersom de hadde sett alt eg tenkte...

I jula har eg lest.
Ei bok som eg ikkje greidde å legge frå meg.
Ei fantastisk god kjensle å ha tid og rom til å bli så oppslukt i ord.
"Barnepiken" av Kathryn Stockett.
Om usynlege grenser, og kvar dei kjem ifrå.
Om glede og kjærleik, frykt og hat, frigjering og fangenskap.
Om ei tid i Mississippi, der borgarrettighetar for svarte sakte men sikkert bryt fram.
Eit uavslutta kapittel i Amerikansk historie, som aldri sluttar å engasjere meg.
Fascinere meg. Imponere meg.
Eg lurer på kvifor.
Er det meininga eg skal bruke denne interessa til noko?
Kvifor er den så sterk?
Kva skal eg gjere med den?
Og med alt det andre
                                som pressar seg inn i hovudet og aldri finn rom til å kome ut??

(Er eg skrullete, eller er det fleire som kjenner seg att?)



Med ynskje om eit godt 2012 til deg som les.
Frimod, styrke, fred, håp, tru, mot, sann glede, sann kjærleik, sant liv.
Og det du eigentleg treng.