torsdag 17. november 2011

Kor og brassband

På laurdag dirigerer eg kor og brassband i Stord kulturhus.
Kom nett heim frå generalprøve, og må berre reklamere litt før eg legg meg.
Det vert fest, flagg og finstas!
Veldig variert program.
Velkomen!






onsdag 9. november 2011

Alive and well

Eg er ikkje død sjølv om eg ikkje har blogga på lenge, heldigvis!
Eg har berre fått meg fulltidsjobb.
Og det er jo veldig bra!
Ordet "travelt" er beskrivande på kvardagen, men også utilstrekkeleg
og ganske oppbrukt.
Musikk har fylt kvardagen min i heile haust:
no underviser eg i song, piano, kor og kordireksjon, musikkteori, praktisk komponering og arrangering, samspel og musikkdidaktikk. (Gløymte eg noko?)
I tillegg har eg jobb som kordirigent i eit blandakor med ambisjonar og utfordrande kormusikk.
Veldig utviklande og kjekt å få praktisere dirigentrolla, og ha eit kor som verkeleg ynskjer musikalske utfordringar.

Men det er eitt prosjekt eg får delta i,
der eg sjølv får utfalde meg som songar denne hausten.
I kveld vert det urpremiere av lovsongsmessa "Grenseløs undring" i Stord kyrkje,
og det er gratis inngang.
John-Inge Rolfsnes har skrive låtar i årevis.
Dei siste åra har han skrive mykje lovsongar og laga nye melodiar og norske omskrivingar til messeledda i høgmessa.
Nokre av songane har han valt ut og sett saman til ei lovsongsmesse, som vi no har arbeidd med sidan i vår.
John-Inge syng og spelar gitar sjølv, har fått med seg to songarar (inkludert meg sjølv), ein cellist, ein perkusjonist, og ein fløytist.
Mellom songane vert det lese tekstar frå Bibelen som understreker innhaldet, og det vert mogeleg å gå til nattverd.
Tekstane kjem "på veggen", så den som vil kan få syngje med.
Men det er også lov å kome berre for å høyre og oppleve.






Sjekk også ut John-Inge si heimeside