søndag 31. juli 2011

tirsdag 26. juli 2011

U T A N O R D

Utan ord
sit vi
lyttande
til radioen i bilen
"Vi var jo der
for berre nokre
få dagar sidan"

Utan ord
må vi snakke
om det
vi høyrer

Utan ord
kjem vi fram
til gode vener

skrur på TV-en
ser
kjenner
kjensler utan ord
ord må likevel delast
saman
tårer av nyheiter


ufatteleg
trist

Betre å vere
hata
enn
gløymt?
Hadde du
ingen fleire
alternativ enn dei to?
Sjølv om samfunnet vårt viser seg frå sitt beste no,
så har vi likevel feila
når eitt menneske kan greie
å gjennomføre slik vondskap
i einsemd

Vi står saman i sorg
Vi står saman i sinne
Og vi må stå saman no,
verne om borna våre,
kjempe mot einsemd og isolasjon
med nærleik og merksemd
ord i kjærleik

Lat oss vere sinte
over vondskapen
men
ikkje hate!
Måtte du
oppleve
kjærleik
stor nok

så du skjønar
angrer
så soninga vert ei bot
og ikkje siger

så du skjønar
kva kristen fridom er
Aldri hat
men rausheit
openheit
til ALLE

utan ord
kjempar vi rasande mot vondskap og hat
står vi saman
med ord i kjærleik.