tirsdag 29. mars 2011

You just gotta love her

...at leas if you are a female singer!
Lizz Wright is the one that I listen to these days.
Her last album - Fellowship - is amazing.




I'm so inspired by her!
Slow singing
Soulful singing
Bold singing
Heartful singing
Real, honest, raw

Power
Suffering
Hope
Songs with meaning.






I hope I'll be there next time she comes to Norway!
In the meantime I'll listen and sing 
and let her presence in singing inspire my own singing.




fredag 4. mars 2011

Korleis forandre verda?

Det er vinterferie her, og eg har tre ungar heime.
Medan dei kosar seg med roleg morgon og tid til Barne-tv, sit eg og surfar rundt på ulike bloggar.
I dag kom eg over eit sitat (i denne bloggen) som eg berre må dele vidare.
Teksten formidlar eit perspektiv som eg ynskjer å ha i livet mitt, særleg når eg ser og opplever ting som eg kjenner meg misfornøgd over.



FORANDRING

Da jeg var ung, ønsket jeg å forandre verden.

Da jeg ble litt eldre, så jeg at det var for vanskelig,

så jeg bestemte meg for å forandre mitt land.
At dette også var i meste laget, så jeg da jeg ble eldre,
så jeg bestemte meg for å forandre byen jeg bodde i.
Da det gikk opp for meg at selv det var for mye for meg,
forsøkte jeg å forandre min familie.
Nå, som gammel mann, vet jeg
at jeg skulle ha startet med å forandre meg selv.
Dersom jeg hadde startet med meg selv,
da hadde jeg kanskje lykkes med å forandre min familie,
byen, eller til og med landet.
- Og hvem vet,
kanskje til og med verden!

Words of a Chassidic rabbi on his deathbed.

(Fra "Family Ties that bind")





Det er enkelt å klage over ting som ikkje er slik det burde vere.
Men så er det ikkje sikkert at mi oppleving stemmer med korleis ting verkeleg er.
Eg jobbar med å vere den forandringa som eg sjølv ynskjer å sjå.
"Be the change you want to see"
"I'm starting with the man in the mirror" (Michael Jackson)
Einaste måten å verkeleg oppnå forandring på, trur eg.


Vi er på veg inn i fastetida. (Fastelavn på søndag).
Dette er ei tid eg så og seie aldri brukar å gjere noko særleg ut av, utanom å lage fastelavnsbollar.
Og å faste frå mat er ganske vanskeleg og umogeleg i ein familiekvardag då ein treng energi og overskot.
I fjor på denne tida var eg på eit punkt i livet mitt at eg kjente at den tida eg hadde til rådighet for meg sjølv, og som eg eigentleg ynskte å bruke på å lese ei god bok, synge, og skrive om/ formidle verdiar, vart i stor stil ete opp av TV-sjåing.
TV er som ein magnet på meg, noko som i stor grad har fått styre meg, og ikkje omvendt.
Eg bestemte meg for å ta styringa, og fastetida fekk for første gong eit mål: eg skulle ikkje sjå på Tv om kveldane (men for å gjere mannen glad, så kunne eg sjå ein film i veka med han).
Dette valet er noko av grunnen til at eg framleis har denne bloggen.
Og det vart til velsigning for meg.
Noko som igjen vart til velsigning for andre rundt meg (noko eg veit fordi eg har fått vite det av dei det gjaldt. Det gav stor velsigning tilbake, takk!).
TV-sjåing har det nok vorte meir av att, men det er enklare å velge det bort no enn før.
Eg ynskjer å gjere det same igjen i år.
Spent på kva resultatet blir.
Har du noko i livet ditt som styrer deg på ein usunn måte?
Som hindrar deg i å ta viktige verdival?
(Eg trur dei aller fleste har det).
Oppfordring: Skal vi bruke fastetida til å starte med å forandre oss sjølv?
NB: Hugs at forandring er ein kontinuerleg prosess!