mandag 31. januar 2011

På tide

På tide å gjere opp status her inne.
For ei stund sidan var det eit nytt år.
 Og eg har blogga, ikkje ofte, men jamnleg i over eitt år, dvs eg offentleggjorde det vel ikkje før det var gått nokre månader.
Velkomen-spalta mi har vore den same sidan februar 2010.
Har det vorte slik eg hadde tenkt det?

Det var viktig for meg at denne bloggen skulle sikte mot noko større enn meg sjølv, samtidig som eg skulle våge å stikke nasa fram.

"Denne bloggen kjem til å handle om å synge, skrive, tenkje, male, i det heile vere kreativ"
"Målet er å oppmuntre og inspirere andre til å tørre å vere frimodig, og gi av seg sjølv. Medan eg prøver på det same:-)." 


Medan eg prøver på det same.
Vi er ulike, vi menneske.
Nokre har det berre i seg, er trygge på sine evner og talent, på seg sjølv, uansett kva.
Kanskje har målet for denne bloggen berre verka flau eller uinteressant for dei, dersom dei har kikka innom.
Kanskje synest nokon at ....
Nei, eit av mine personlege mål med å oppfordre til frimod, og sjølv bruke blogging til å øve meg på dette, var at eg ikkje skulle stille så mange slike spørsmål.
Og no kan det hende eg vert veldig personleg.
Men slike redsla for slike spørsmål har hatt for stor makt over meg i tida før eg starta å blogge.
Eg innser at det for ein stor del er eg sjølv som har stoppa meg frå å våge. 
Eg har lete småting rundt meg få for stor betydning.
Eg har gjeve rom for andre, og gløymt å ta i bruk mitt eige. 
Tenkte ikkje på at det går an å gjere begge deler.
Men eg har vel eigentleg aldri, innerst inne, tvila på mine eigne talent.


Og ein eller annan stad, bak i tida mi, finnest det eit lite augneblink der mi personlege utvikling starta å gå i ei anna retning.
Eg veit ikkje akkurat kvar.
Men det er ikkje så viktig.
Noko snudde, litt.
Og blogginga har vore viktig i denne endringa.
Både skrivinga i seg sjølv - det er godt for sjela å uttrykke noko med ord - og innhaldet/ bodskapen.
Vær frimodig! Be bold!
Fri, modig.
Eg likar det norske ordet betre enn det engelske.


Er eg ein hyklar?
Gir eg meg ut for å vere noko eg ikkje er?
"tru og tvil, store og små tema...."
Det er ikkje lett å vere frimodig om kristen tru på nettet.
Eg har stilt meg sjølv spørsmål til kvifor eg ikkje vågar.
Og eg trur det må vere noko med tidlegare erfaringar, og alle dei ulike forestillingane - og enkelte tilfeller fordomane - som ligg og ulmar der ute.
Måten kristne miljø vert framstilt i media.
Og måten andre kristne kan framstille kristen tru i media. 
Eg er eigentleg ikkje så redd for å verte satt i bås, men eg vil gjerne at båsen skal vere rett.
Trua er ein like naturleg del av meg, like naturleg som songen, like naturleg som sorg og glede, frykt og tryggleik.
Men eg ser ikkje på meg sjølv som noko annleis eller betre enn menneske som velger bort kristendom.
Vi er menneske på lik linje.
Vi elsker, gleder oss, drøymer, strever, fortviler, trøyster, angrer, feiler, på lik linje.
Sjølv om opplevingane våre er ulike, har vi livet felles.


I mange tilfeller kan eg godt forstå kvifor folk tek avstand frå kristendom.
Og eg trur mykje av det er grunnen til mitt mangel på frimod, og eg trur det er mange her i bloggeverda som let vere å seie noko om trua si.
Kor mykje eg kjem til å skrive om tru framover, er uvisst.
Men eg ynskjer ikkje å la vere, for livet mitt har denne dimensjonen naturleg tilstades.
Og denne bloggen skal handle om å synge og å leve.
Også i framtida:-)


Carpe Diem.










torsdag 6. januar 2011

Romjulskonserten

...vart ein suksess!
Alle stolar var fulle i Kunsthuset på Almås, noko som er fantastisk, med einaste Facebook- og jungletelegraf- PR.
Vi set stor pris på at så mange ville kome og høyre på, og takkar for alle dei oppmuntrande tilbakemeldingane.
Dei betyr utruleg mykje!
Om det vert reprise neste år, kan vi vel ikkje seie enno, men det hadde jo absolutt vore veldig kjekt.
(Eg veit allereie no ein av songane eg ville ha sunge då;-))

Det er eit nytt år, men viktigast av alt, ein ny dag, men nye mogelegheiter.
Snart kjem det eit statusinnlegg, sidan eg nesten har blogga i eit år, og eg treng å evaluere litt.
I mellomtida, her er eit sitat frå boka "Den lille Prinsen" av Antoine de Saint-Exupéry:
"En kan bare se riktig med hjertet.
Det vesentlige er usynlig for øyet."