mandag 30. august 2010

Ny link

I dag har eg lagt inn ein link til Center for Black Music Research i Chicago.
Sommaren 2000 var eg i Chicago i to månader på feltarbeid til hovudoppgåva mi i musikkvitskap.
Eg var innom dette vesle, men fantastiske, biblioteket fleire gonger i veka for å leite etter litteratur.
Ein heilt unik stad å vere når eg skulle forske på gospelmusikk og afroamerikanske røter.
Då vi dreiv og pakka for å flytte i sommar, fann eg fram hovudoppgåva mi og ein del originale opptak frå intervju som eg gjorde i Chicago denne sommaren.
Eg sendte ein mail til CBMR, presenterte meg sjølv, og lurte på om dei var interessert i å ha noko av det.
Bibliotekaren var interessert i å ha alt eg måtte ha tilgjengeleg, og ikkje nok med det, ho hugsa meg godt, enno det var ti år sidan eg var innom!
Så no er det litt rart å tenke på at hovudoppgåva av vesle meg, skrive på norsk, også finnest på eit lite, viktig bibliotek, på Columbia College i storbyen Chicago. I tillegg til ca ti minidiskopptak av intervju med kormedlemar i kyrkja der eg gjorde feltarbeid.
No då eg skulle selge pianoet mitt, fann eg nokre gamle notehefter nederst i pianokrakken, som eg fekk frå pastoren i denne kyrkja, sommaren 2000.
Originalnotar frå 1954, 1955 og 1957, hefte nummer 2,3 og 4.
Songs of Love and Faith, Songs of Praise, Songs of Deliverance, published by First Church of Deliverance, Chicago, Illionis.
I dag skal eg sende dei også, så kanskje mitt vesle bidrag vil kome nokon andre si forsking til gode.
Viss eg nokon gong skal forske meir på musikk med afrikanske røter, så veit eg kor eg må leite etter stoff!

Gunhild Sofie

PS, eit lite glimt av koret i "kyrkja mi" i Chicago:


(Greit å vite: på engelsk heiter det ikkje afroamerikansk, men African American, fordi det første er for negativt lada. For oss nordmenn er det ikkje det, difor brukar eg ordet afroamerikansk. mykje enklare, og alle skjønar at det er snakk om etterkomarar etter slavar i USA).

mandag 23. august 2010

Both sides now

Joni Mitchell er ei songarinne, trubadur, visesongar, singer/songwriter som verkeleg har sett spor i musikkhistoria.
Ho har ein fantastisk måte å synge på, synest eg.
Nett no held eg på å lære meg "Both sides now". (Du finn teksten under).
Det var først i vinter at eg verkeleg byrja å høyre på denne songen.
Eg har tidlegare skrive om korleis tekstar og musikk kan hjelpe ein ut av håpløyse, endre fokus.
Det trur eg framleis på.
Men midt oppe i uro og fortviling er det ikkje alltid ein ser løysing eller håp, og ein orkar ikkje alltid kjempe imot.
Midt oppe i angst og utmatting har ein ofte meir behov for å synge klagesongar enn songar om håp og glede.
"Both sides now" synest eg beskriv så utruleg godt korleis livet kan møte ein i døra, og vere noko heilt anna enn det vi trudde eller såg for oss.
Denne songen er midt oppe i dei situasjonane der vi ser kor små vi eigentleg er.
Samtidig er den ikkje depressiv, slik det lett kan bli dersom ein skal forsøke å beskrive desse stundene i livet.
Eg trur det har noko med siste linja i kvart refreng å gjere.
Det er viktig å innrømme det for seg sjølv, at ein ikkje greidde det slik ein hadde tenkt, at ein ikkje fekk livet til slik ein trudde, at ein måtte gjere sine eigne feil, same kva råd ein fekk av andre.
Det er først når ein innser kor liten ein er at ein kan vekse og utrette noko stort i denne verda. 
Fleire har spurt meg om eg ikkje har nokre opptak av meg sjølv.
Foreløpig ligg det berre ute eitt på youtube.
Det finn du her.
Øvst på ønskelista er eit kamera, så eg slepp å gjere det til eit så stort prosjekt å få til opptak av meg sjølv!Imens får du prøve å forstille deg korleis det høyrest ut når eg syng denne songen:-)
(Og eg tek gjerne imot oppdrag!)

Both sides now- Joni Mitchell

Rows and flows of angel hair and ice cream castles in the air

And feather canyons everywhere, i've looked at clouds that way.

But now they only block the sun, they rain and snow on everyone.

So many things I would have done. But clouds got in my way.



I've looked at clouds from both sides now,

From up and down, and still somehow

It's cloud illusions, I recall.

I really don't know clouds at all.



Moons and junes and ferris wheels, the dizzy dancing way you feel

As every fairy tale comes real; I've looked at love that way.

But now it's just another show. you leave 'em laughing when you go

And if you care, don't let them know, don't give yourself away.



I've looked at love from both sides now,

From give and take, and still somehow

It's love's illusions i recall.

I really don't know love at all.



Tears and fears and feeling proud to say "i love you" right out loud,

Dreams and schemes and circus crowds, i've looked at life that way.

But now old friends are acting strange, they shake their heads, they say I've changed.

Something's lost but something's gained in living every day.



I've looked at life from both sides now,

From win and lose, and still somehow

It's life's illusions i recall.

I really don't know life at all.





Gunhild Sofie

torsdag 19. august 2010

Mitt nye piano


Mitt nyaste musikalske innkjøp er eit digitalt piano, nærmare bestemt eit Yamaha CP300.
Med 88 vekta tangentar og store høgtalarar som gjer opplevinga av den deilige pianolyden enno større.
Eit stagepiano, som eg kan ha med meg rundt omkring dersom det trengs.
(Men det er så tungt at det nok mest kjem til å stå i ro i stova.)
I går kveld sat eg lenge og spelte med headset, utan å forstyrre nokon!
Yamaha CP300 har fleire fantastisk fine pianolydar.
Fin pianolyd er eit viktig kriterium ved valg av digitalt piano, men har spelar smak og behag inn, så det kan vere greit å prøve fleire dersom ein har mulighet til det.
Vekta tangentar betyr at du får omtrent same motstand når du trykker ned tangenten, som på eit akustisk piano.
Yamaha CP300 har store innebygde høgtalarar, noko som gjer at det vert ekstra tungt til å vere stagepiano.
Til gjengjeld kan ein få ekstra god lyd i stova!

Eg har hatt eit akustisk piano, av merket Schimmel, som no har vorte solgt til fordel for det meir moderne.
På ein måte er det litt sprøtt, ja...
Men eg har lenge hatt lyst på eit digitalt, for eg merka at det var vanskeleg å sette seg ned om kvelden berre for å spele og synge, av frykt for å vekke ungane.
Skulle gjerne hatt både eit akustisk og digitalt!
Dersom vi får oss ein enebolig ein gong, får eg kanskje plass til begge deler:-).
Enn så lenge er eg veldig fornøgd med valget.
Og når vi endeleg får gjennomført draumen om eit lite heimestudio, så er det digitale veldig greit å ha.
Ungane synest også det er artig å utforske alle lydane.
Kyrkjeorgel er særleg populært:-)
Naboane synest sikkert det er bra at vi også har volumknott!

Gunhild Sofie





søndag 1. august 2010

Vi har flytta

Denne sommaren har vi forsøkt å flytte.
Dvs - vi har klart det, iallefall fysisk.
Fem store og små kroppar er plassert i eit heilt anna hus på ein heilt annan stad i landet.
Alle våre jordiske ting har skifta hus også, eller vorte kasta, eller gjeve bort.
Utsikta som før var eit vegkryss, eit fjell, ein gard, jorder og nokre få andre hus, er bytta ut med rekkehus, eneboligar, fotballbane, golfbane, og bortanfor der skog og fjell.
Å flytte fysisk er ikkje så vanskeleg.
Det finnest koselege naboar overalt.
Det er kjekt å bli kjent med nye folk, og kjenne tryggleiken med å ha familien nære for ein gongs skuld.
Men eg kunne ønske bileta kunne henge seg opp på veggen sjølv, så eg slapp å bry meg så veldig om småting.
For eg har større ting å bry meg om, viktigare ting å tenke på eller utføre.
Røter er røska opp, greiner er skorne av og forsøkt poda inn ein framand stad.


Denne sommaren har tårene fått opne sluser opp til fleire gonger.
Mange gonger har eg tenkt "kva i all verda har vi gjort??".
Kjent på eit annleis sakn enn eg er vant med.
Eit sakn med uvisst bakteppe.
Når treffest vi att?
Når får vi oppleve fellesskapet med dei vi har delt så mykje med?
Alt vi har opplevd og erfart gjennom tolv år, folk vi har vorte så godt kjent med at vi kan kalle dei familie.
Alt vi har vakse og utvikla oss som menneske desse åra er knytta til ein fråflytta stad.
Som lever vidare utan oss.
Tolv år som eg kan kalle dei viktigaste åra i mitt liv til no.
Eg skulle ønske vi kunne bytta våre jordiske ting og teke med menneska våre istaden.
Alt har si tid.
Eg tek meg tid til å sørge når eg kjenner saknet veltar inn som skodde.



Vi veit kva vi har hatt, men enno ikkje kva vi får.
Det vi får vert sikkert bra.
Men som sagt.
Alt har si tid.
Det er ofte tid for klagesongar.

Gunhild Sofie