tirsdag 1. juni 2010

I left a piece of my heart in Chicago

Det finnest mange stader som har ein spesiell plass i mitt hjarte.
Det finnest ein by i USA der ein stor bit av hjartet mitt alltid vil vere.

bilete
Chicago.
Eg lengtar stadig vekk tilbake dit.
Første gong eg reiste til Chicago var då eg studerte musikk i Staffeldtsgate.
Det sette spor i meg som har prega meg sidan.
Korleis i all verda skal eg greie å beskrive det slik at du som lesar kan ane kva eg snakkar om?
Kor skal eg starte hen? Dette kjem til å verte eit alt for langt innlegg...

Det er musikalske opplevingar det handlar om, men samtidig noko mykje meir enn det.
Eg kan bruke musikalske stikkord: drivande  rytme,  improvisasjon, hammondorgel, kor, "halsbrekkande" tonar, klapp på 2 og 4, dans, gospel.
Eg kan bruke andre beskrivande ord: energisk, rått, ekte, kraftfullt, optimistisk, frimodig, deltakande, oppmuntrande, oppbackande
Eg kan bruke eitt ord: fridom.
For det var det eg kjente første gong eg var på gudsteneste i ein såkalla "svart kyrkjelyd".

Det var fargerikt, drivande, engasjerande, mykje kjensler, stemning og glede, dundrande hammondorgel og song og musikk konstant tre timar i strekk.
Ein eller annan stad i meg gav denne opplevinga gjenklang.
Kvifor kjende eg fridom? Fridom frå kva? 
Nokre år seinare var eg tilbake igjen.
Eg kunne aldri sleppe denne opplevinga.
Då eg skulle skrive hovudoppgåve i musikkvitskap, visste eg kvar eg måtte dra.
Eg visste ikkje heilt kva problemstillinga for oppgåva skulle vere, men eg visste at utgangspunktet skulle vere denne kyrkjelyden.
Eg sa eg skulle studere gospelmusikk i ein svart kyrkjelyd.
Men det var ikkje eigentleg sjølve musikken som interesserte meg. 
Stilmessig er tradisjonell gospel utruleg enkel, med mange repetisjonar og enkel harmonikk, rytmisk og glad, og kanskje litt keisam i lengda dersom ein berre sit og høyrer på.
Gospel er artig dersom ein deltek i musikken!
Og det var nettopp denne sida ved afroamerikansk musikkultur som engasjerte meg.
Gospel vart noko nytt i møte med denne kyrkja i Chicago.
Å vere deltakande i musikk og gudsteneste vart også noko nytt.
Det er her ordet fridom er så beskrivande.
Det var rom for å handle på det du følte der og då, om det var å rope oppmuntrande "yes", eller "sing it, sister", danse med rytmen, reise deg og klappe med, synge med.
Og det var rom for å vere meir tilbakelent, betraktande, roleg, lyttande; men kven ville vel det når stemninga stod i taket, viss ikkje ein var frå Noreg, då.
Det var ok å la seg rive med, kall det gjerne suggesjon, men ein positiv suggesjon, noko vi i Noreg i mange tilfeller er livredd for eller veldig skeptisk til, særleg i kristne samanhengar.
Det var ikkje naturleg for meg å delta i musikken og gudstenesta på same måte som dei andre.
På den måten var eg ikkje fri nok, eg hadde sperrer som eg skulle ønske eg ikkje hadde.
Likevel kjende eg fridom, for det var ikkje slik at ein måtte oppføre seg på ein særskilt måte for å verte inkludert i fellesskapet.
Her var det rom for alt, både glede og sorg.
Å sitte i ro og lytte, eller danse og juble. 
Alt etter kva ein følte for.
"If you feel something, you're not going to sit there, you're going to move!" var det ein som sa til meg i eit intervju, og han sa det med stor innleving.
I to månader fekk eg vere med i denne kyrkjelyden, vere med på korøving kvar veke, synge i koret kvar søndag og til og med dirigere.
Eg fekk kome tett innpå mange av medlemane.
Eg fekk tid til å bli kjent med menneske med ein kvardag fjernt frå min eigen.
Eg fekk tid til å bli glad i desse menneska.
Dei lærte meg mykje om å takle motgang i livet.
Dei fleste var etterkommarar etter slaver, og hadde vakse opp medan USA framleis var strengt segregert.
Mange hadde mista familiemedlemar i gjengoppgjer, eller dei levde i farlege strøk der drap ikkje lenger var ein sensasjon.
Motgang for eit folkeslag gjennom århundrer prega framleis mange av mine vener.
Kyrkja og musikken var deira redning, det som fekk dei til å løfte blikket bort frå det vanskelege for ei lita stund, det som gav tru, håp og krefter til å kjempe vidare til neste gudsteneste.
"God will make a way!"
"He will take care of you"
"Lift up your heads, be encouraged"
....
"These are songs that just keep you going"
"The song got me through the rough times"
"You have to feel the music and let it go within and then come out!"
Innleving var viktig.
Om ein solist var dyktig til å synge, betydde ingenting dersom han eller ho ikkje hadde innleving.
Det måtte vere ekte, ærleg og truverdig.
For her var det ikkje snakk om å bli underholdt!
Bodskapen i songane var essensiell.
Eg hugsar framleis ein søndag då ei ung jente skulle få prøve seg som solist.
Ho starta forsiktig, men folk i salen ropte oppmuntrande og klappa, ho vart meir vågal, og improviserte meir og meir, medan forsamlinga vart meir og meir engasjert.
Jenta var ung og uerfaren, ho song surt til tider, men ho song med hjartet, og responsen frå salen gav ho større og større frimod til å prøve nye melodiske utspring.
Ho fekk folk i salen til "another level".

Eg tenker ofte på akkurat denne jenta akkurat denne søndagen, når eg sjølv held på å øve inn ein ny song, eller eg underviser songelevar.
Teknikk er viktig for å kunne få til det ein vil, men har ein ikkje noko å formidle, så er det vanskeleg å nå fram til publikum.
Songteknikk er berre eit verktøy, ikkje eit mål!


...
Det er framleis mykje å skrive.
Men eg får spare noko til seinare, slik at eg kan få lagt ut dette innlegget.
Har du lest heilt til hit, så er det imponerande:-)

Ha det fint fram til neste gong.
I mellomtida skal eg få æra av å synge i førtiårsdag til ein fantastisk kollega!




Gunhild Sofie


3 kommentarer:

  1. Wow, så spennende å lese, Gunhild. Høres ut som noe som burde oppleves en eller annen gang i livet... Klem!

    SvarSlett
  2. Godt å lese det du sier om teknikk og formidling. Da tenker jeg på lovsangsteamet vårt, som ikke alltid har det tekniske helt "i boks", men vi har formidlet Guds nåde gjennom sangen, og du verden hvor mye vi har opplevd gjennom det! Og jeg har lært å tørre mye mer, vise mer av meg selv! Takk, Gunhild! :-)

    SvarSlett
  3. Spennende innlegg, og ja, jeg leste hele :) Så bra det du skriver om at sangteknikk er et verktøy og ikke et mål. Skulle så gjerne delt mer tid med deg, Gunhild. Håper vi treffes en dag før dere reiser. Kanskje på fredag? Klem!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?