mellom glede og sinne
mellom optimisme og realisme
mellom liv og draum
mellom tilgjeving og sjølvskjerming
mellom fridom og grenser
mellom tru og vitskap
mellom håp og tvil
mellom teori og erfaring
mellom frimod og prestasjonsangst
mellom sanning og spørsmål
mellom nestekjærleik og meg sjølv
mellom å tene og ta imot
mellom å gi og få
mellom "one of a kind" og "dråpe i havet"
mellom enten eller
balanse i både og
men ikkje i pose og sekk
det er noko med
livet
det tek tak
held deg fast
du brukar det du har av tid
til å vere der
heilt til
.
Eg kikka innom meg sjølv i dag. Mange år sidan no. Tenkte eg kanskje ville bli litt flau eller skamfull over meg sjølv. Det eg skreiv for mange år sidan då eg byrja å blogge. Men eg gjorde ikkje det. No har eg ikkje lest alt, vel å merke, så det kan hende noko av det aller eldste stoffet er litt kleint å sjå att. Men det får berre ligge her. Det var ein del av meg då - for snart 10 år sidan. Ei tid som sette viktige spor og staka ut ein annan kurs for ei som den gongen var ganske nedanfor og ikkje hadde store kjensla av verdi. Nokon sa til meg ein gong at livet skjer. Ja. Det skjer framleis. Og det skjedde då. Alt er ein del av mi historie. Songen er ikkje historie - den berre fortset. Og fortset. Så lenge eg har stemme vil den ikkje stoppe. Håpar eg.
PS: No har eg lest igjennom alt. Og ja, ikkje alt ville eg skrive på den måten i dag.
I see trees of green
red roses, too
I see them bloom
for me and you
and I think to myself
"what a wonderful world"
I see skies of blue
and clouds of white
The bright, blessed day,
the dark, sacred night
and I think to myself
…..
The colors of the rainbow, so
pretty in the sky,
are also on the faces of people going by.
I see friends shaking hands,
saying: How do you do
They´re really saying:
I love you
I hear babies cry, and
I watch them grow
They´ll learn much more
than I´ll ever know, and I think
to myself
"what a wonderful world"
Yes, I think to myself….
(Bob Thiele/ George David Weiss. Mest kjent frå innspeling med Louis Armstrong i 1967)
Berre ei veke igjen til jazzgudsteneste
synge klassikarar
saman med DEN gjengen musikarar
Den minst jazza låta er ei ny oppdaging for min del, innspelt av sjølvaste Dolly Parton!
"I've got something lifting me up
something holding me down
Something to give me wings and
keep my feet on the ground
I've got all I need
Jesus and Gravity"
Ganske fint om stødig tru
med rom for kjensler i utløp!
På laurdag dirigerer eg kor og brassband i Stord kulturhus.
Kom nett heim frå generalprøve, og må berre reklamere litt før eg legg meg.
Det vert fest, flagg og finstas!
Veldig variert program.
Velkomen!
Utan ord
sit vi
lyttande
til radioen i bilen
"Vi var jo der
for berre nokre
få dagar sidan"
Utan ord
må vi snakke
om det
vi høyrer
Utan ord
kjem vi fram
til gode vener
skrur på TV-en
ser
kjenner
kjensler utan ord
ord må likevel delast
saman
tårer av nyheiter
Så
ufatteleg
trist
Betre å vere
hata
enn
gløymt?
Hadde du
ingen fleire
alternativ enn dei to?
Sjølv om samfunnet vårt viser seg frå sitt beste no,
så har vi likevel feila
når eitt menneske kan greie
å gjennomføre slik vondskap
i einsemd
Vi står saman i sorg
Vi står saman i sinne
Og vi må stå saman no,
verne om borna våre,
kjempe mot einsemd og isolasjon
med nærleik og merksemd
ord i kjærleik
Lat oss vere sinte
over vondskapen
men
ikkje hate!
Måtte du
oppleve
kjærleik
stor nok
så du skjønar
angrer
så soninga vert ei bot
og ikkje siger
så du skjønar
kva kristen fridom er
Aldri hat
men rausheit
openheit
til ALLE
utan ord
kjempar vi rasande mot vondskap og hat
står vi saman
med ord i kjærleik.
Kirk Franklin er min absolutte favoritt når det gjeld moderne (contemporary) gospel.
Dette er gospel som eg greier å høyre på ei stund utan å verte lei.
Fekk gåvekort på SunnBok til bursdagen, så då var det ikkje vanskeleg å vite kva eg skulle kjøpe.
Den nye plata heiter "Hello Fear".
Til deg som ikkje har fulgt meg så lenge, eller berre kikkar innom:
Eg har ein stor fascinasjon av afroamerikansk historie, musikk og kultur.
Negro Spirituals, Gospel, Soul, Hip Hop.... etc.
Det har noko med rytmen og energien å gjere, men ikkje berre det.
Det har noko med fridomen til å vise det ein føler.
Å legge sjela, heile livet, i ein song.
Det har med historien deira, og korleis musikken alltid er sentral i å takle motgang og ikkje miste håpet.
Slik kom Negro Spirituals til: lengsel og håp etter eit anna liv i fridom, slik vaks gospelmusikken fram: glede og takk midt i ein vanskeleg kvardag, slik starta Hip Hop'en: fellesskap og samfunnskritikk i og frå det tøffe livet i ghettoen i New York.
Kirk Franklin er toneangivande innan contemporary gospel/ soul/ pop/ hip hop/ R 'n' B med kristent bodskap.
Han vaks opp med mykje motgang.
Som han sjølv seier i coveret:
"From family members still on drugs, to biological parents that live in the same city and state and I STILL have no relationship with, to erasing years and years of bad religious teaching ..."
Han er åpen og bunn ærleg med si historie, noko som gjer musikken enno meir ekte.
HELLO FEAR er ei reise i hans eigen frykt, og dermed også frykt og angst som mange slit med.
Og korleis frykt kan hindre oss i å leve det livet vi ynskjer, eller bygge murar mellom oss.
Kirk Franklin oppfordrar til å ta eit oppgjer, møte sin eigen frykt, sjå den i auga og seie:
"Hallo Frykt
før du set deg ned
så er det noko eg må forklare.
...
Eg er sliten av mitt brutte hjarte
Så eg laga ei liste, og du står på den
Alle håp og draumar som du tok frå meg
Eg vil ha dei tilbake før du drar
Hjartet mitt nektar å vere din heim
Borte frå deg er der eg høyrer til
Farvel
Ha det bra
så lenge"
Bodskapen er at den Gud som Bibelen fortel om er ein kjærleg og frigjerande Gud, som elskar alle menneske, men hatar alt det vonde som dei må oppleve.
Og at denne kjærleiken er det som kan sette oss fri frå frykt, angst, dårleg sjølvbilete, og bygge oss opp som heile menneske.
"I am so far from perfect,
I thougt life was worthless
until you showed me who I am
Not here by mistake, you're love called me Grace
I'm on my way to who I am"
Kirk Franklin gjer musikken sin til noko meir enn underhaldning.
Samtidig som musikken er spekka med energi, trøkk, kompliserte arrangement, er det motsette også tilstades: den nakne stemma med enkelt pianoarrangement og syngade cello som snik seg inn etter kvart.
Her er ein song som til no sikkert har vorte repetert 100 gongar i bilen saman med ungane.
The road is long with many awinding turns
That leads us to who knows where,
who knows where
But I'm strong,
strong enough to carry him
He ain't heavy, he's my brother
So on we go
His welfare is my concern
No burden is he to bare,
we'll get there
For I know
he will not encumber me
He ain't heavy, he's my brother
If I’m laden at all,
I am laden with sadness
that everyone's heart
isn't filled with the gladness
Of love for one another
It's a long long road
From which there is no return
while we're on our way to live, why not share
And the load doesn't weigh me down at all
He ain't heavy , he's my brother
f
t/m: Bobby Scott / Bob Russell
Ein versjon eg vert inpirert av. Likar måten Jarle Bernhoft tek seg god tid på. Nydeleg versjon med ei ubeskriveleg bra stemme:
Bra sagt! Dersom hjartet er kritisk kan det ikkje føre til noko godt, verken for ein sjølv eller andre. Men konstruktiv kritikk treng vi likevel, det er berre sunt. Ein passeleg dose sjølvkritikk kan også vere bra innimellom. Kva med eit oppmuntrande hjarte kombinert med eit kritisk hovud? Dette kan eg filosofere over ei stund:-)