tirsdag 10. januar 2012

Tid for kor!

Eg lurer ofte på kva folk tenkjer når eg seier eg driv med kor.
At eg dirigerer kor.
Er det å vere korinteressert framleis å bli putta i ein musikalsk bås?
Noko som utelukker meg frå annan musikalsk utfalding?
Er det sært å drive med kor i dag?
For meg personleg er dette berre ein liten del av min musikalske interesse og mitt potensial.
Og eg er så glad for at eg kan engasjere meg fullt og heilt i så mykje forskjellig, både når det gjeld stilartar, ensembler og formidlingsarenaer.
Det er noko med kordireksjon som eg elskar.
Ikkje nødvendigvis organisering av koret og innøving av stemmer.
Også planlegging av konsertar og stadig repetisjon kan eg til tider kjenne vert ei tung oppgåve.
Men musikken i augneblinken.
Når alt er innøvd og vi kan fokusere kun på musikken.
Det å la musikken fylle hjartet og strømme ut i armar, vidare inn i eit kor som syng med èi stemme.
Då kjenner eg LIV!

Denne våren er det mellom anna John Rutters Requiem som står på programmet for Stordkoret.
Eg skal dirigere kor og orkester, om vi kjem i havn med å skaffe alle musikarar.
Høyr igjennom dette og bli inspirert!
(Gjerne bli inspirert til å bli med, særleg om du er sopran:-))
Alvorleg om døden, med lys tone, og HÅP. Ikkje minst.
Kven treng ikkje det?






2 kommentarer:

  1. Dette var da en utrolig flott blogg! Masse inspirasjon og så fint du skriver! Jeg ser du har lagt deg til som følger av min blogg, men det var først nå jeg fant din!! :) Legger meg til som følger jeg! Forøvrig er jeg over gjennomsnittet interessert i musikk - så jeg er SÅ gla jeg fant denne bloggen!! Ha en flott uke videre, Klem fra Spirea

    SvarSlett
  2. Så oppmuntrande å lese, Spirea. Takk skal du ha! Dessverre er det ikkje så ofte eg rekk å skrive, skulle gjerne ha gjort det meir. Men bloggen kjem til å stå stand, og brått kjem eit nytt innlegg- når du minst ventar det:-)

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?