lørdag 31. desember 2011

Nytt år, gamle tankar?

Eg er eit tenkjande menneske.
Fell lett i store og djupe tankar, ofte når eg helst ikkje bør.
Tenkjer eg skal skrive dei, men når eg endeleg finn tid er tankane borte.
Det som eg synest var bra og viktig å dele.
Orda vart for store, så store at dei vart vanskelege å sjå.
Tida vart for lita, orda fekk ikkje plass.
Men tankane lever, for stadig dukkar dei opp att.
No på den siste dagen i året, fann eg litt rom i tida mi.
Men kvar vart det av orda?
Dersom de hadde sett alt eg tenkte...

I jula har eg lest.
Ei bok som eg ikkje greidde å legge frå meg.
Ei fantastisk god kjensle å ha tid og rom til å bli så oppslukt i ord.
"Barnepiken" av Kathryn Stockett.
Om usynlege grenser, og kvar dei kjem ifrå.
Om glede og kjærleik, frykt og hat, frigjering og fangenskap.
Om ei tid i Mississippi, der borgarrettighetar for svarte sakte men sikkert bryt fram.
Eit uavslutta kapittel i Amerikansk historie, som aldri sluttar å engasjere meg.
Fascinere meg. Imponere meg.
Eg lurer på kvifor.
Er det meininga eg skal bruke denne interessa til noko?
Kvifor er den så sterk?
Kva skal eg gjere med den?
Og med alt det andre
                                som pressar seg inn i hovudet og aldri finn rom til å kome ut??

(Er eg skrullete, eller er det fleire som kjenner seg att?)



Med ynskje om eit godt 2012 til deg som les.
Frimod, styrke, fred, håp, tru, mot, sann glede, sann kjærleik, sant liv.
Og det du eigentleg treng.

4 kommentarer:

  1. you are invited to follow my blog

    SvarSlett
  2. Du er ikkje åleine,
    Kjenner meg att både når det gjeld tankar og skriving. Også når det gjeld "Barnepiken". Her er mine tankar om boka som også greip tak i meg:
    http://marittotland.blogspot.com/2011/10/barnepiken-av-kathryn-stockett-ikkje-ei.html

    Ei fin bok å starta det nye året med!

    SvarSlett
  3. Så fint og viktig innlegg! Eg klarar heller ikkje å la vere å tenkje, og når folk lurar på korleis eg får inspirasjon til alle dikta, er det av og til vanskeleg å forklara, men eg tenkjer jo heile tida, grublar, filosoferer, så det er ikkje noko problem:) Temaet du tek opp er spanande, ja! Eg er nok ikkje så "inni det" som deg, men synest det høyrest ut som du kanskje kan skriva ein tekst om det, om ikkje anna? Kan du så mykje om tida at du kunne skrive t.d. ei novelle med utgangspunkt i det som hende då? Uansett, er dette ei interesse, ikkje grav den ned, med hald fram å lesa og engasjera deg i det:) Klem og godt nytt år til deg!

    SvarSlett
  4. Takk for feedback:-) Røsslyng, det kunne eg godt tenkje meg, å skrive ein tekst. Faktisk, skreiv eg hovudoppgåva mi i musikk med utgangspunkt i afroamerikansk menighet i Chicago. Så eg har skrive om det med ein musikk-innfallsvinkel før. Eg kunne tenkje meg å forske vidare på eitt eller anna vis. Novelle... kanskje det er ein god idè? Men akkurat no har eg for mykje anna som tek frå meg skrivetida. Eg brukar fort ein kveld på å lage eit innlegg, så vi snakkar om tidsbruk...;-)Heldigvis har eg ein viktig arena på jobben som eg kan bruke!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?