onsdag 9. november 2011

Alive and well

Eg er ikkje død sjølv om eg ikkje har blogga på lenge, heldigvis!
Eg har berre fått meg fulltidsjobb.
Og det er jo veldig bra!
Ordet "travelt" er beskrivande på kvardagen, men også utilstrekkeleg
og ganske oppbrukt.
Musikk har fylt kvardagen min i heile haust:
no underviser eg i song, piano, kor og kordireksjon, musikkteori, praktisk komponering og arrangering, samspel og musikkdidaktikk. (Gløymte eg noko?)
I tillegg har eg jobb som kordirigent i eit blandakor med ambisjonar og utfordrande kormusikk.
Veldig utviklande og kjekt å få praktisere dirigentrolla, og ha eit kor som verkeleg ynskjer musikalske utfordringar.

Men det er eitt prosjekt eg får delta i,
der eg sjølv får utfalde meg som songar denne hausten.
I kveld vert det urpremiere av lovsongsmessa "Grenseløs undring" i Stord kyrkje,
og det er gratis inngang.
John-Inge Rolfsnes har skrive låtar i årevis.
Dei siste åra har han skrive mykje lovsongar og laga nye melodiar og norske omskrivingar til messeledda i høgmessa.
Nokre av songane har han valt ut og sett saman til ei lovsongsmesse, som vi no har arbeidd med sidan i vår.
John-Inge syng og spelar gitar sjølv, har fått med seg to songarar (inkludert meg sjølv), ein cellist, ein perkusjonist, og ein fløytist.
Mellom songane vert det lese tekstar frå Bibelen som understreker innhaldet, og det vert mogeleg å gå til nattverd.
Tekstane kjem "på veggen", så den som vil kan få syngje med.
Men det er også lov å kome berre for å høyre og oppleve.






Sjekk også ut John-Inge si heimeside


8 kommentarer:

  1. Flott å lesa.
    Blir spenande å høyra korleis det går med det grenselause prosjektet. Får dessverre ikkje kome meg dit.

    SvarSlett
  2. Høres ut som om du har en fantastisk jobb! Spennende!
    God klem fra Tonje

    SvarSlett
  3. Ja, eg har ein kjekk jobb som høgskulelektor i musikk:-) Marit Elisebet: kvar bur du? Vi kjem til Husnes kyrkje på fredag kl 19.00:-)

    SvarSlett
  4. Hei Gunhild! Eg var på konserten i går og må få gratulere dykk med ei fantastisk urframføring. Herlege komposisjonar. Likte godt arrangeringa med instrumenta og flott med tekstlesing innimellom. Personleg synes eg det også betyr mykje at lovsong blir meir enn berre ei framføring. Eg synes du ved di vakre stemme og ditt vesen formdila LIV og ÅND. Det traff mitt hjarta. Takk ♥

    SvarSlett
  5. Kristina, tusen takk for varmande ord! Det betyr mykje. Veldig kjekt at du var der og høyrte på, tok deg tid til det!

    SvarSlett
  6. Det høres ut som et spennende korprosjekt!
    Jeg likte så godt tittelen på lovsangsmessa, "Grenseløs undring". Det er en tittel med mye rom, pust og godhet.
    Lykke til!

    SvarSlett
  7. Håper du har det godt midt i all travelheten, Gunhild. Skulle gjerne vært på lovsangsmessa. Håper dere kommer oppover. Da må du si fra!

    Klem!

    SvarSlett
  8. Hei Gunhild! Kjekt å finne bloggen din via Bodil Bo:-) Kanskje du huske meg..? Denne lovsongsmesså høyrtes spennande ut - skulle veldig gjerne ha vore på den! Lykke til! - og så høyrtes det ut som du har ein spennande jobb og kvardag!!

    Klem frå Inger Johanne

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?