søndag 26. juni 2011

Sangteknikkføljetong: 3 grunnprinsipp

(Du finn dei forrige innlegga i denne føljetongen under "eit syngande prosjekt".)
Første kapittel i Komplett Sangteknikk er ein rask gjennomgang av systemet, med forklaring av omgrep.
Det følger med ein CD der alle lydane og variantar av lydane "illustrerer" korleis det kan høyrest ut når ein gjer det rett. Denne viser Catrine Sadolin meir til utover i boka.
I utgangspunktet kan Komplett Sangteknikk-systemet delast inn i 4 hovudemner:
1: 3 grunnprinsipp
2: 4 funksjonar
3: Klangfargar
4: Effektar
Kvart av desse emnene vil kreve fleire innlegg!
I dette innlegget vil eg berre skissere dei 3 grunnprinsippa.

Det ligg i ordet "grunnprinsipp" - dersom ein vil synge sunt, så er desse viktige å få styr på.
Uansett stil og syngemåte (funksjon)!
Greier ein å kontrollere desse områda bevisst, kan ein med øving få til tonar i høgden og tonar i djupna, synge lenge utan å miste tonen, få klarhet og kraft i tonen, unngå å verte hes.
Overheld ein grunnprinsippa, så held ein svelget åpent og unngår spenningar.
Og spenningar i svelget hindrar songen.

Dei 3 grunnprinsippa er: 
1: Støtte
Riktig støtte er det aller viktigaste vi treng å ha på plass for å kunne synge sunt.
Riktig støtte held svelget opent og gjev dermed stemmebånda rom til å arbeide.
Etter mange år med songundervisning var det framleis vanskeleg for meg å seie akkurat kva støtte var og korleis det kjennest utan å bruke biletlege forklaringar. 
Catrine Sadolin meiner vi kan kjenne støtten på ulikt vis, og tenkje i bilete dersom det hjelper oss, samtidig som ho gjev ein veldig konkret beskrivelse av kva som faktisk skjer i dei sentrale muskelgruppene som styrer pusten vår, når vi syng.
Hennar konkrete forklaring av støtte har hjulpe meg enormt både når det gjeld kvaliteten på tonane mine, men også når det gjeld tryggleik i forhold til kva eg kan klare å syngje. 
Det var som å skru på ein knapp, brått greidde eg mykje meir enn eg hadde drøymt om tidlegare.

2: Nødvendig twang*.
*”twang”, eller ”å twange” [twæng], viser til lyden som kjem når ein t.d. etterliknar babygråt, eller  ler som ei heks. 
Over strupehovudet vårt har vi eit strupelokk, også kalla epiglottis-horn. 
Når vi legg lokket så tett som mulig over strupehovudet medan vi syng, kan stemma få ein gjennomtrengande skarp karakter. 
Alt etter kor tett vi legg lokket ned mot strupehovudet, så vil vi få ulike grader av twang på stemma. 
For å få til ein tone på ein vokal, må det ein viss grad av twang til, altså nødvendig twang. Ynskjer eg å syngje som Anastacia, treng eg m.a. å twange mykje. 
(Men det ynskjer eg ikkje;-))

3: Unngå å skyve fram kjeven, og unngå leppespenningar.
Spenningar i kjeven kan føre til spenningar rundt stemmebånda. 
Eg har sjølv slite mykje med spenningar i kjevemuskulaturen, mykje fordi eg har eit bitt som ikkje er heilt rett. 
Ofte har det hindra meg i songen og gjort at eg har vorte fortare sliten i stemma. 
I slike periodar må eg fokusere på å spenne av kjeven framfor å syngje.


PS: Dette innlegget er ein del av ein føljetong der eg går nærmare inn på Komplett Sangteknikk- systemet til Catrine Sadolin.  
Viktig: Dersom ein ynskjer å lære seg å syngje innan ein viss stilart, eller fordjupe seg meir i t.d. jazz, så vil KS kun vere eit lite bidrag inn i dette. 
Du kan finne forklaringar på korleis du reint teknisk kan få til ein viss lyd, men systemet er ikkje eit stilstudium, og ein vil trenge å lære av andre songpedagogar og erfarne songarar, i tillegg til å lytte til anerkjente songarar innan stilen. (lang setning;-). 
Eg meiner KS absolutt spelar  ei viktig rolle i å utfordre etablerte tankesett når det gjeld songteknikk, og utfordre songaren til å ta eigne medvitne val, men det er viktig å vite at ein ikkje treng å forkaste alt ein har lært tidlegare! 
KS er ein reiskap som ein kan bruke inn i dei fleste områder. 
Å finne seg sjølv som songar tek tid, og å studere ulike sjangrar vil kunne gje eit godt erfaringsgrunnlag.


2 kommentarer:

  1. Hei! :)

    Så fin blogg du har..
    I forhold til den gyngestolen, så er den ikke solgt enda.
    Sandefjord er ca 30 min unna her, så er ikke så lang.
    Koselig med en slik gave da, jeg hadde blitt kjempeglad :)

    KLEM

    SvarSlett
  2. Hei Gunhild ! :) Takk for sist - takk for fine stunder sammen på leir ! Dere gjør jammen en GOD jobb for både store og små ! <3
    Kom over den flotte bloggen din - mye god og tankevekkende lesing her !
    Jeg blogger litt innimellom jeg også - dog litt mer på det hverdagslige/familiære planet + en fotoblogg....Håper det er ok om jeg legger ved linken din under mine favoritter i min blogg , slik at jeg kan finne frem til bloggen din igjen ?
    Håper dere koser dere på ferie - ha en god sommer videre , så håper jeg at vi sees igjen neste år ! :)
    Liv Elin

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?