mandag 30. mai 2011

Eg har ikkje gitt opp!


Jammen tek det tid å gjennomføre noko som ikkje har ein frist!

Som dette syngande prosjektet mitt. 
(Les meir under tag'en "Eit syngande prosjekt").
Å gå igjennom "Komplett Sangteknikk" av Catrine Sadolin.
Men eg gir ikkje opp! 
Så no byrjar eg med innledninga i boka (og igjen vil eg seie at dersom du verkeleg vil erfare kva dette eigentleg er for noko, så vil eg anbefale å melde deg på kurs).
Dette er altså for dei som er over gjennomsnittet interessert i song:-)
(men mest for meg sjølv)


Nokre stikkord frå innleiinga:
Song er i utgangspunktet ikkje så vanskeleg! 
Stemmebanda vert igjennom oppvekst og erfaringar hindra av spenningar, og sangteknikk handlar i første omgang å fjerne spenningane slik at stemma kan fungere fritt.


Teknikk er eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. 
Teknikk er middelet vi brukar for å oppnå det viktigaste: det musikalske uttrykket. Å fortelje noko. Kva vi ynskjer å fortelje, og korleis vi ynskjer å gjere det, er val ein songar må ta sjølv. Komplett Sangteknikk er eit system der eg kan lære meg å lage alle slags lydar med stemma mi utan å øydelegge den. Det er eit middel eg kan bruke for å nå eit musikalsk mål. Eg må sjølv gjere meg opp ei meining om kva det er eg ynskjer å formidle, og korleis eg ynskjer å gjere ting reint musikalsk. Her er det ingen løysingar på kva som er rett og kva som er feil når det kjem til sjølve musiseringa. Dersom eg vil lære meir om jazz, klassisk, eller andre stilar/ syngemåtar, så må eg lære ved å lytte til andre, og oppsøke dei som kan undervise meg om det. DVS: I utgangspunktet finnest det ingen reglar som seier at eg berre kan synge på ein viss måte. Men innanfor stilar og songtradisjonar er det likevel reglar som lager rammer for det musikalske uttrykket (såkalla klangideal), men desse er ikkje i fokus i Komplett Sangteknikk. Catrine Sadolin ynskjer å finne vertøy som kan hjelpe einkvar songar til å oppnå det han/ho ynskjer, uansett stil.* Frigjerande*!

Myter vert avliva
alle songarar kan oppnå alle lydar, dersom ein lærer korleis ein skal gjere det rett! (Men alle treng ikkje kunne alt:-)) Min personlege kunstnarlege val er det som skal diktere kva klang eg skal velge, ikkje konvensjonelle klangideal. 



Teorien må brukast i praksis! 
Feller for alle kurs i Komplett Sangteknikk er at dei foregår i Masterclass, der songarar får undervisning på konkrete problemområder, knytta til ein konkret song dei ynskjer å få til. Ved å bruke paktisk anvendelige teknikkar. (Så eigentleg er dette prosjektet mitt litt for teoretisk:-)? Iallefall for andre enn meg sjølv... Gi meg gjerne tilbakemelding dersom du synest noko av dette er nyttig!!)

Teknikkane er redskap, ikkje krav
DVS: Eg treng ikkje kunne alt. Men eg søkjer redskap som kan hjelpe meg å få til det eg ynskjer, og overvinne mine begrensningar i forhold til det eg vil.  

"Husk at det er valgene, også fravalgene, der karakteriserer en kunstner."  - Catrine Sadolin
Men for å gjere val, må eg vite kva eg har å velge mellom.



Teknikken skal verke med det same
Song skal ikkje gjere vondt! Min erfaring frå kursa eg har vore på er at dersom eg greier å gjere akkurat slik eg skal, så får eg det til med ein gong. Dersom eg ikkje får det til, så retter eg fokuset på noko anna ei stund.

" Jeg mener, det er muligt at lave ALLE lyde på en sund måde" - Catrine Sadolin.

Om bruken av boka:
Mange forskjellige vinklar/ metodar for å løyse eit problem.
Ver bevisst på og lær deg kroppens og stemma sin anatomi.
Unngå å miste stemma. (Ikkje øv når du er hes).
Stol på deg sjølv og dine eigne opplevingar i forhold til synginga di.
Song skal alltid kjennast behagelig når det kjem til stemma/ stemmebånda. (Men song krever kondisjon og energi, og du kan bli sliten!)
Fokuser på hovudproblem, finn dei viktigaste stadene i songen du ynskjer å konsentrere deg om.
Bruk enkle øvingar, og konsentrer deg heller om KORLEIS du arbeider med stemma.
Konsentrer deg om ein ting om gongen.
Ta utgangspunkt i sjølve songen og dei reelle problema du møter der.
Transponer øvingane (dvs syng i ein annan toneart), lær deg øvingane gradvis i andre tonehøgder.
Lag ditt eige øvingsprogram, og endre det etter kva behov du har.
Vær konsentrert!
Heller lette øvingar utan feil enn vanskelege med feil.
Gjer du feil tre gongar etter kvarandre, så finn eit anna fokus ei stund, eller gjer øvinga enklare.
Repeter det du får til, så musklane dine vert vant til fornemminga av å synge sunt!
Heller ingen øving enn ukonsentrert og slapp øving.
Øv saman med andre!
Ver obs på om du brukar presis vokallyd. (Dette kjem ho nærare inn på etter kvart)
Ta ansvar for di eiga utvikling! 
"Selv den bædste lærer i verden kan ikke lære een noget, hvis man ikke selv tager undervisningen til sig og arbejder med den" - så sant som det er sagt!!



 
 Om forsking på songstemma  og songteknikkar: 
Komplett Sangteknikk er ferskt, og i stadig utvikling. Som alt anna, så gå den musikalske utviklinga fort, og det er alltid meir å forske på. Det synest eg er bra, og truverdig. Det viser at her er det noko som virkar, men som også kan utvikle seg - som resten av tilværet. Som sagt: dette er eit redskap, ikkje eit sett med reglar der du MÅ kunne alt akkurat på ein viss måte for å kunne utøve ditt instrument!


To be continued. 
Some time soon.




http://signatures.mylivesignature.com/54488/99/A0B536532D4461E13F39B1417F0BD9E0.png

8 kommentarer:

  1. Interessant å lese. Gleder meg til å lese mer om dette! Jeg fikk lyst å lese boka selv og lære!
    Lykke til med prosjektet
    Klem Tonje

    SvarSlett
  2. Du, kan alle bli flinke til synga?? Tenker då på det å tilegne seg teknikk til å utnytte stemma si best mulig(har innsett at sanger vert eg ikkje, men kanskje eg kan gjera dagen betre for dei som må høyra på meg i barnehagen!!;-) )

    SvarSlett
  3. Ja, Anita! Alle som vil og som går inn for det:-)

    SvarSlett
  4. Hei og takk for koseleg kommentar på bloggen min :) Var det hos Grete me traff kvarandre? Måtte tenkje litt no... Vil gjerne følge deg vidare. Klem frå Kristina (nord i bygdo)

    SvarSlett
  5. Denne boka har eg faktisk sjølv:)Eg har hatt èin time med komplett sangteknikkk-sanglærar. Og den timen var veldig nyttig. Ein gong eg har betre tid, skal eg setje meg ned og lese innlegga dine om dette:) Boka mi ligg og støvar ned... Kanksje eg får litt inspirasjon til å ta ho fram etter å lese litt hos deg;)
    God helg!

    SvarSlett
  6. Interessant:) Eg likar å syngja, og tok eit musikkfag ein gong der me måtte jobba med stemma vår. Rart å få tilbakemelding på si eigen songstemme frå profesjonelle, men merka at stemma mi utvikla seg i løpet av "kurset". Trur det har mykje med innstilling og vilje til forandring/utvikling av stemma å gjera.

    Mannen min kjem frå ein familie som har erklært at dei ikkje kan syngja... Skuta er liksom gått for dei.. Eg trur dei godt kunne tørt å syngja høgt om dei berre fekk øvd seg litt. Men når dei aldri syng, blir det liksom ikkje betring heller. Takk for gode argument som eg kan stilla dei litt til veggs med;)

    Eg trur forresten det gjeld litt det same for skriving. Skriv du mykje og ofte, blir tekstane betre og betre. Det er i alle fall filosofien min, og ein av grunnane til bloggen ;) Så berre bruk skrivne ord for å få ut kjensler og tankar på same måten som i forrige innlegg, teksten var som sagt nydeleg!

    SvarSlett
  7. Du skriver:"Stemmebanda vert igjennom oppvekst og erfaringar hindra av spenningar, og sangteknikk handlar i første omgang å fjerne spenningane slik at stemma kan fungere fritt." Utrolig interessant!Jeg er selv der at stemmen har vært i dvale i flere år. Nå har jeg funnet meg et kor, og er veldig spent på hvordan det blir. Håper at spenningene kan bygges ned litt etter litt.

    SvarSlett
    Svar
    1. thank you so much. fosbobetr good Archive

      Slett

Kva tenkjer du om dette?