fredag 4. mars 2011

Korleis forandre verda?

Det er vinterferie her, og eg har tre ungar heime.
Medan dei kosar seg med roleg morgon og tid til Barne-tv, sit eg og surfar rundt på ulike bloggar.
I dag kom eg over eit sitat (i denne bloggen) som eg berre må dele vidare.
Teksten formidlar eit perspektiv som eg ynskjer å ha i livet mitt, særleg når eg ser og opplever ting som eg kjenner meg misfornøgd over.



FORANDRING

Da jeg var ung, ønsket jeg å forandre verden.

Da jeg ble litt eldre, så jeg at det var for vanskelig,

så jeg bestemte meg for å forandre mitt land.
At dette også var i meste laget, så jeg da jeg ble eldre,
så jeg bestemte meg for å forandre byen jeg bodde i.
Da det gikk opp for meg at selv det var for mye for meg,
forsøkte jeg å forandre min familie.
Nå, som gammel mann, vet jeg
at jeg skulle ha startet med å forandre meg selv.
Dersom jeg hadde startet med meg selv,
da hadde jeg kanskje lykkes med å forandre min familie,
byen, eller til og med landet.
- Og hvem vet,
kanskje til og med verden!

Words of a Chassidic rabbi on his deathbed.

(Fra "Family Ties that bind")





Det er enkelt å klage over ting som ikkje er slik det burde vere.
Men så er det ikkje sikkert at mi oppleving stemmer med korleis ting verkeleg er.
Eg jobbar med å vere den forandringa som eg sjølv ynskjer å sjå.
"Be the change you want to see"
"I'm starting with the man in the mirror" (Michael Jackson)
Einaste måten å verkeleg oppnå forandring på, trur eg.


Vi er på veg inn i fastetida. (Fastelavn på søndag).
Dette er ei tid eg så og seie aldri brukar å gjere noko særleg ut av, utanom å lage fastelavnsbollar.
Og å faste frå mat er ganske vanskeleg og umogeleg i ein familiekvardag då ein treng energi og overskot.
I fjor på denne tida var eg på eit punkt i livet mitt at eg kjente at den tida eg hadde til rådighet for meg sjølv, og som eg eigentleg ynskte å bruke på å lese ei god bok, synge, og skrive om/ formidle verdiar, vart i stor stil ete opp av TV-sjåing.
TV er som ein magnet på meg, noko som i stor grad har fått styre meg, og ikkje omvendt.
Eg bestemte meg for å ta styringa, og fastetida fekk for første gong eit mål: eg skulle ikkje sjå på Tv om kveldane (men for å gjere mannen glad, så kunne eg sjå ein film i veka med han).
Dette valet er noko av grunnen til at eg framleis har denne bloggen.
Og det vart til velsigning for meg.
Noko som igjen vart til velsigning for andre rundt meg (noko eg veit fordi eg har fått vite det av dei det gjaldt. Det gav stor velsigning tilbake, takk!).
TV-sjåing har det nok vorte meir av att, men det er enklare å velge det bort no enn før.
Eg ynskjer å gjere det same igjen i år.
Spent på kva resultatet blir.
Har du noko i livet ditt som styrer deg på ein usunn måte?
Som hindrar deg i å ta viktige verdival?
(Eg trur dei aller fleste har det).
Oppfordring: Skal vi bruke fastetida til å starte med å forandre oss sjølv?
NB: Hugs at forandring er ein kontinuerleg prosess!




9 kommentarer:

  1. Kjære Gunhild Sofie!
    Så vakkert og reflektert skreve.
    Eg kom over eit sitat som du deler,
    Mahatma Gandi:
    "You must be the change you wish to see in the world"
    Fann det på bloggen ...hvorfor ikke...http://tantetorunn.blogspot.com/

    Syns det er så talande! Eg gjorde meg fri frå kaffi og sjokolade i midten av desember, merkeleg nok hadde dei fått ei styring i livet mitt som eg ikkje var nøgd med. Herleg å kjenne at eg leve godt utan. TV er det berre laurdagskvelden eg ser, saman med mann og barn i kjellarstova.
    Viktig å minne oss på fastetida!
    Takk at du deler! GOD FASTETID!!
    klem :-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for god kommentar, Sigrid! Fann også ut at det var Gandhi som hadde dette sitatet, etter at eg posta innlegget. God fastetid til deg også! Klem

    SvarSlett
  3. Hei! Tusen takk for kommentar hos meg:) Flott blogg du har! Mange gode ord her inne. Og så kjekt å lese at du syng:) Det gjer eg og nemleg, og songen tek mykje av tida mi.

    God ide med faste av TV-sjåing forresten:)

    Ei fin kveld til deg!

    SvarSlett
  4. Hei Gunhild! Kjempefint innlegg. Tar utfordringen din, men vet ikke helt hvor jeg skal begynne. Mange ting å ta tak i... TV er ikke et problem, men bruker kanskje litt mye tid foran den skjermen jeg sitter foran nå. Men tiden her inne på bloggen din er ikke bortkastet :)

    SvarSlett
  5. Hei Grete:-) Kjekt å "høyre" frå deg! Det viktigaste er vel ikkje kva ein fastar frå, men kva ein ynskjer å sette meir fokus på:-)

    SvarSlett
  6. Hei Gunhild! Veldig godt innlegg med mange gode tanker. Og det er nok lett å prøva å endra dei rundt ein enn å ta tak i seg sjølv nokre gonger. Kan vere skremmande det! Men absolutt noko ein bør tenka på, at når ein ønsker endring så start først med seg sjølv. Men like viktig er det du svarte i innlegget over; kva ønsker eg å setje meir fokus på? Kva liker eg med som eg vil dyrke meir fram?
    Du er flink å få orda ned på "papiret" ;-)
    Ha ein fin kveld og forresten - takk for songen, den slo an.

    SvarSlett
  7. Hei Gunhild Sofie.
    Du er jo proff på dette, du! Og dreven i gamet. Jeg er bare en liten amatør som famler meg fram mens jeg går. Morro er det uansett :)
    Jeg husker deg. Det er jammen lenge siden jeg var på besøk hos dere. Var ikke Sigrid Lunde også med da?

    SvarSlett
  8. Så fint innlegg. Når det gjelder TV-seing har jeg også tatt svært bevisste valg. Begynner jeg å følge med i noe, er jeg solgt, så nå gjelder det for meg å ikke begynne å se noe nytt, kun skru på TV'n når det er noe jeg bevisst velger å gjøre.

    SvarSlett
  9. Hvor bor dere hen nå da?
    Bergen er en fin by, men det er langt til alle venner og familien på østlandet og sørlandet.
    Jeg har sluttet å danse. I alle fall for andre menneseker. Danser i stua da :) Nå er det andre ting som tar tiden min, men dansen vi alltid ha en spesiell plass i hjertet mitt. Si ifra hvis dere kommer til Bergen en gang da. Hadde vært koselig med en kaffe-kopp :)

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?