onsdag 9. februar 2011

Endeleg fredag!

Nei, ikkje i dag, men på fredag er det Endeleg Fredag!
Og eg og min kjære skal ut og synge igjen.
Denne gongen har vi endå ein song på repertoaret, og det allereie eksisterande vert stadig utvikla.
Oss to på vokal, piano og gitar, krydra med perkussive rytmar frå ein særs musikalsk trommekamerat.
Nokre av songane vi skal framføre, har eg presentert her og her og her.
Eg har eit spesielt hjarteforhold til negro spirituals, på grunn av historia og livssituasjonen dei vart skapa i.
Mr Gunhild Sofie har ei laaaaaang liste av sjølvskrivne låtar å plukke av, og vi skal synge både ballader og fengande refreng:-).
Dersom eg skal beskrive konserten i ein setning:
Songar inn i livet, i variert innpakning.
Velkomen til ein sosial kveld med prat, mat, og god musikk!


Her er den nye songen på repertoaret, av ein artist som vi begge beundrar, og som eg har skrive om i dette innlegget:




2 kommentarer:

  1. Halloen! Tenkte eg sku høyra korleis det gjekk med deko denne fredagen? Har vore sjuk i ei veke så derfor litt treg her. :-)

    SvarSlett
  2. Det gjekk kjempebra, og det var utruleg kjekt! God lyd, og mykje bra respons, vi koste oss skikkeleg!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?