torsdag 6. januar 2011

Romjulskonserten

...vart ein suksess!
Alle stolar var fulle i Kunsthuset på Almås, noko som er fantastisk, med einaste Facebook- og jungletelegraf- PR.
Vi set stor pris på at så mange ville kome og høyre på, og takkar for alle dei oppmuntrande tilbakemeldingane.
Dei betyr utruleg mykje!
Om det vert reprise neste år, kan vi vel ikkje seie enno, men det hadde jo absolutt vore veldig kjekt.
(Eg veit allereie no ein av songane eg ville ha sunge då;-))

Det er eit nytt år, men viktigast av alt, ein ny dag, men nye mogelegheiter.
Snart kjem det eit statusinnlegg, sidan eg nesten har blogga i eit år, og eg treng å evaluere litt.
I mellomtida, her er eit sitat frå boka "Den lille Prinsen" av Antoine de Saint-Exupéry:
"En kan bare se riktig med hjertet.
Det vesentlige er usynlig for øyet."




3 kommentarer:

  1. Godt år til deg og dine!
    Så kjekt at konserten gjekk bra!

    SvarSlett
  2. Hei Gunhild!
    Jeg svipper innom bloggen din av og til, og du er så flink til å legge ut gode ord. Jeg tror at ord kan utrette mye, spesielt når det er et hjerte bak. Ha en fin dag når du leser dette.
    Klem; Tove

    SvarSlett
  3. hei :)

    Det var denne headeren. Når eg laga den, sette eg bredden til 900 pikslar, det er det som står når me skal legge den inn i Blogger. Eg er eigentleg ikkje så erfaren med bilder i headeren, men fekk tips her: http://epla.no/eplahagen/forselgere/toppbilde/

    Lukke til,
    og god helg! :O)

    -klem

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?