torsdag 11. november 2010

Dagen i dag, ein start

Ungane avgarde på skulen, barnehagen, mannen på arbeid
Ingen jobbtelefon i dag
Stille
Kaffikopp og PC
Tusen trådar å følge opp
Tusen ynskjer, tusen draumar
Starte ein stad, sende eit par epostar

Nyte synet av fjell på alle kantar
Kanskje ringe ein ven som er langt borte
Tenke at eg burde trent litt, men vips så var dagen gått

Leite etter nytt repertoar, julesongar, kanskje
I morgon skal vi synge på Fredag-kveld , øve til det
Følge opp ein konsert-idè
Sette på ei maskin med klede
La rotet ligge til rett før mannen kjem heim, nei, la det ligge til vi kan rydde saman
Skrive ned ord, tankar, kanskje eg vågar å delta i debatt
Kjenner at eg vil ut med så mykje
Inspirasjon, håp, frimod, fridom
Skrive ein song
Miste motet, dømme meg sjølv før eg har starta
Kjempe mot
Bøn, nye krefter, nytt frimod

Steg for steg
I sirkel, jobbar meg stadig lenger ut frå senteret
Men rundt og rundt er også ein veg, ein sti
Lag på lag vert ein solid stamme, eit tre som veks
Eller berre ein krusedull
Fullføre noko
Der.



2 kommentarer:

Kva tenkjer du om dette?