tirsdag 19. oktober 2010

Eit syngande prosjekt: Komplett Sangteknikk!

Eg har bestemt meg for at eg skal synge og øve meg igjennom ei bok om songteknikk!
Og så skal eg skrive om mine erfaringar og tankar i bloggen.
For mange er det sikkert ganske sært, og uinteressant, så eg kjem nok til å spe på med andre innlegg også.
Men no har eg i fleire år tenkt at eg skulle øve  meg igjennom denne boka frå perm til perm, og enno ikkje fått gjort det.
Difor vert det bloggprosjekt.
Og kanskje er det nokon andre som lærer litt også. 
Kanskje tenkjer du med deg sjølv at eg, som underviser i song, ikkje burde behøve dette, men tru meg: som songar vert ein aldri utlært!












Ei dansk dame, Cathrine Sadolin, har brukt årevis på å forske og eksperimentere, og systematisert det ho har funne inn i eit system som ho har kalla Komplett Sangteknikk. 
Eg er ho evig takknemlig! For etter at eg oppdaga Komplett Sangteknikk for ca fire år sidan, har eg (og eg veit veldig mange andre med meg) oppdaga uante mulegheiter i mi eiga sangstemme.
Og alt er samla i denne boka
som du får kjøpt m.a. på nettsida til Sadolin sitt eige vokalakademi, Complete Vocal Institute.



Eg har vore på to innføringskurs i Komplett Sangteknikk, og dei siste åra har vi leigd inn kvalifiserte instruktørar som har halde todagars kurs for musikklinja på Folkehøgskulen (der eg arbeidde fram til sommaren 2010).
Undervisninga foregår i Master Class, dvs at kvar enkelt deltakar får coaching medan dei andre ser, høyrer og lærer.

Cathrine Sadolin sitt komplette sangteksteknikksystem er nettopp det: komplett. 
Ho legg bort alt som heiter klangideal, og fortel på ein konkret og forståeleg måte korleis eg kan lage kva som helst lyd, sound, effekt, klang eg vil med stemma mi, på ein sunn måte. 
Ho fortel meg at eg kan velge sjølv korleis eg vil synge, og utfordrar meg til å vere bevisst på mitt musikalske uttrykk.
Kjennest det rett, så er det rett.
Alle måtar å synge på kan plasserast ein stad i dette systemet.
Alle stilar!
Og ein treng ikkje kunne alt for å ha god nytte av det.




Dersom du aldri har vore borti Komplett Sangteknikk, men veldig gjerne vil lære meir, så vil eg anbefale deg å melde deg på innføringskurs. Det vert halde mange rundt omkring i landet, mest i dei store byane, og du kan melde deg på mailingliste til slike kurs dersom du klikkar på linken til Complete Vocal Institute lenger nede til venstre på denne sida.


Til slutt (for denne gong):




Det er ikkje tanken min med dette prosjektet å gje meg ut for å vere ekspert på Komplett Sangteknikk.
Dette er rett og slett eit personleg prosjekt, eit mål eg har sett meg, å gå gjennom denne boka, prøve ut det som står, lære, bli betre, og dele av mine erfaringar.
Fordi eg elskar å synge!
Og for å vise at det aldri er for seint å lære noko nytt:-)

Neste prosjektinnlegg: Presiseringar.



3 kommentarer:

  1. Det ser ut som eg har litt problem med Blogger for tida. Eg får ikkje skrifta til å verte mindre! Og avstande mellom avsnitta vert for store. Hjelper ikkje å gå inn og redigere innlegget heller, for då vert det berre verre. Nokon som veit kvifor det vert slik???

    SvarSlett
  2. hei *Gunnhild Sofie
    jeg driver også med sang. men på hobbybasis. er med i ei sanggruppe. vi er 5 damer + en mann. veldig spennende og givende. vi arrangerer en del ting selv, og utfordrer hverandre.
    jeg er som deg oppvokst med disse klangidealene, og har vanskelig med å fri meg fra dem. med har hatt minikurs i KOMPLETT, og der er mye å hente.
    kjenner du forresten til Basix? gruppa mi har vært prøvekanin i deres master class. kjempegøy!

    lykke til med sangprosjektet ditt!

    (nattlig hilsen mellom hostekuler)

    SvarSlett
  3. Hei Åpent Hus! Ja, eg har fått med meg at du syng, og lurer veldig på kva slags musikk de driv med, og om de opptrer innimellom:-) Har høyrt om Basix, ja. Må ha vore ein kjempelærerik masterclass! Var nettopp i trondheim på Vokalarm, og fekk med meg masse workshops der, kjempeinspirerande! Viktig å få input frå andre innimellom. Lykke til med songen! Skulle gjerne hatt ei vokalgruppe eg også, men det er mykje som skal stemme då. Syng mykje på eiga hand for tida, og saman med mannen min, og det er såååååå utruleg kjekt. Spelar piano i kor også, i kveld skal vi opptre med band, så det blir gøy. Ønsker deg ei god helg!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?