fredag 17. september 2010

Eit syngande prosjekt: Preludium

For ei stund sidan såg vi filmen "Julie og Julia".
Den er bygd på ei sann historie om Julie Powell som m.a. elskar god mat.
Og ho drøymer om å bli forfattar.
Ho har ei favorittkokebok, laga av Julia Child.
Julia er eit stort ideal for Julie.
Ho lager eit personleg prosjekt: I løpet av eit år skal ho prøve ut alle oppskriftene i denne kokeboka, og for å rekke det, må ho lage minst ein rett om dagen.
Alt skal prøvast, og sjølvsagt etast.
Og for at ho ikkje skal gi opp undervegs, lagar ho seg ein blogg, dvs ho forpliktar seg offentleg, for heile verda på internett, at ho skal gjere dette.
Dermed kjem ho også i gang med skrivinga.
Ein idè vert sett ut i livet.
Ein dag om gongen, eit og eit heilhjarta skritt gjennomført, fleire og fleire kommentarar og følgarar, oppmuntringar frå omverda og kjærasten, slit, svette, tårer, mislykka prosjekt, vellukka prosjekt.
Ferdig med "The Julie/Julia Project", får ho kontrakt med forlag, skriv bok om prosjektet, og det vert laga film om det...
Meryl Streep spelar Julia Child, og Streep er jo alltid....fantastisk.
(Ekstra morsom i denne filmen.)
Sjå den!

Eg har også ei slik "kokebok" som eg ofte tenkjer at eg må bruke tid på å utforske. 
Så etter at eg såg Julie & Julia, har eg hatt tankar om eit liknande prosjekt, for meg sjølv og for dei som er over gjennomsnittet interessert i å synge:-)


bilete

Etter kvart som eg får utforska bit for bit av denne boka, så kjem eg til å skrive om det her i bloggen.
Det vert ikkje kvar dag, og eg har ikkje nokon deadline, men eit mål er å utvikle meg som songar til stadig nye høgder:-).
Lurar du på kva bok det er?
Neste prosjektinnlegg vert ein presentasjon!


2 kommentarer:

  1. Spennande prosjekt! Den filmen fekk eg lyst til å sjå..
    Kjekt vi får bli med på ditt prosjekt...

    Ha ei vakker helg!

    SvarSlett
  2. Har sett den filmen. Kjempefin. Lykke til, venter i spenning. Du er saa flink Gunhild! Klem klem

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?