mandag 30. august 2010

Ny link

I dag har eg lagt inn ein link til Center for Black Music Research i Chicago.
Sommaren 2000 var eg i Chicago i to månader på feltarbeid til hovudoppgåva mi i musikkvitskap.
Eg var innom dette vesle, men fantastiske, biblioteket fleire gonger i veka for å leite etter litteratur.
Ein heilt unik stad å vere når eg skulle forske på gospelmusikk og afroamerikanske røter.
Då vi dreiv og pakka for å flytte i sommar, fann eg fram hovudoppgåva mi og ein del originale opptak frå intervju som eg gjorde i Chicago denne sommaren.
Eg sendte ein mail til CBMR, presenterte meg sjølv, og lurte på om dei var interessert i å ha noko av det.
Bibliotekaren var interessert i å ha alt eg måtte ha tilgjengeleg, og ikkje nok med det, ho hugsa meg godt, enno det var ti år sidan eg var innom!
Så no er det litt rart å tenke på at hovudoppgåva av vesle meg, skrive på norsk, også finnest på eit lite, viktig bibliotek, på Columbia College i storbyen Chicago. I tillegg til ca ti minidiskopptak av intervju med kormedlemar i kyrkja der eg gjorde feltarbeid.
No då eg skulle selge pianoet mitt, fann eg nokre gamle notehefter nederst i pianokrakken, som eg fekk frå pastoren i denne kyrkja, sommaren 2000.
Originalnotar frå 1954, 1955 og 1957, hefte nummer 2,3 og 4.
Songs of Love and Faith, Songs of Praise, Songs of Deliverance, published by First Church of Deliverance, Chicago, Illionis.
I dag skal eg sende dei også, så kanskje mitt vesle bidrag vil kome nokon andre si forsking til gode.
Viss eg nokon gong skal forske meir på musikk med afrikanske røter, så veit eg kor eg må leite etter stoff!

Gunhild Sofie

PS, eit lite glimt av koret i "kyrkja mi" i Chicago:


(Greit å vite: på engelsk heiter det ikkje afroamerikansk, men African American, fordi det første er for negativt lada. For oss nordmenn er det ikkje det, difor brukar eg ordet afroamerikansk. mykje enklare, og alle skjønar at det er snakk om etterkomarar etter slavar i USA).

1 kommentar:

  1. Så gøy å kunne bidra på en sånn måte, og så heldig de er som får alt dette fra deg!
    Har bodd flere år i USA, men aldri vært i Chicago, en by jeg kun kjenner fra E.R.-serien... :-) Håper å komme dit en dag, kanskje få tatt en skikkelig rundreise i USA når barna er eldre (eller ute av redet).

    Takk for hyggelig kommentar på London-innlegget mitt, forresten. Ha en fin dag,
    hilsen Kristine

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?