mandag 5. april 2010

Ja, eg er også kreativ!!

No har eg blitt medlem av eit nytt bloggfellesskap: 
Kreative Kvinner.
For sjølv om eg ikkje er så ivrig til å strikke, sy eller drive med anna handarbeid (sjølv om eg kan viss eg vil), så synest eg det var så flott å finne ein blogg som forsøker å samle kreativitet!
Eg håpar fleire som driv med formidling av ein eller annan sort, blir med i fellesskapet!
Musikk er nok mi hovudgreie.
 bilete
Eg syng og spelar piano, og har drive mykje med kor både som songar og dirigent.
(I gamle dagar spelte eg også elbass.
Eg kjøpte bass for konfirmasjonspengane mine, sidan eg ikkje fekk nok til saxofon:-). Spelte i band og fekk undervisning, men øvingsdisiplinen vart aldri særleg stor...
Har bassen enno, og har brukt den ein del i jobben som musikklærar på ein folkehøgskole.
Der har eg også dirigert ein del, og det kjekkaste av alt, undervist i song!
Når det gjeld musikkformidling, så er det aller helst song eg vil drive med.
Eg vil synge songar som både snakkar sant om livet, og som gjev håp og livsmot.

bilete
Eg vil synge groovy, glade songar og mollstemte klagesongar.
Eg vil synge frimodige og ærlege songar.
Eg vil formidle noko til folk som høyrer på.
Akkurat no er eg i ein fase der eg leitar etter repertoar, og eg finn mykje. (Neste innlegg blir kanskje ein song som eg skal framføre 15. april:-))
Men mest av alt skulle eg ønske eg fekk ro til å lage songar sjølv!
bilete
Tekstar er vanskelege synest eg, melodiar og akkordar kjem lettare.
Eg har ein forventning til at det skal løsne snart, dette med tekstskriving.
Har det på følelsen!
Eg likar jo godt å skrive!??!
I mellomtida syng eg andre sine songar, og har mykje glede av det!

I tillegg til å vere musikar, så leikar eg kunstnar for tida.
For tida seier eg, for eg veit ikkje kor lenge det varer.
Eg er glad i kunst, og ofte når eg har vore på utstillingar, så har eg kjent på ein lyst til å male.
I vinter malte eg akryl på lerret for første gong i mitt liv.
Resultatet av det kan du sjå her.
Det vart to på ein gong.
For eit par veker sidan malte eg mitt fjerde bilete, heime hos ein kollega som kan kunsten å male.
Her er det...

" Den gode hyrde"

Glad for at eg kan byrje på noko nytt sjølv om eg er midt mellom 30 og 40.
Det er spanande å tenkje på alt eg skal lære meg i framtida!
Atter ein gong vil eg seie: Vær frimodig med kreativiteten din!!
Gled deg over det du får til!
Det handlar ikkje om å bli lagt merke til, eller vere flinkare enn andre, men om å bruke evner og gåver som er gitt oss!
Ikkje mist motet om resultatet ikkje vert slik du hadde tenkt det, men bruk det til å lære, komme vidare på!

















2 kommentarer:

  1. Det var det fineste jeg kunne ha lest en tidlig morgen, første arbeidsdag etter påske. Noe å tenke på mens jeg går til jobb i dag...bruke evner og gaver som er gitt...
    Ha en fin dag- og lykke til videre med kreativiteten din.
    Klem

    SvarSlett
  2. Så inspirerende å lese, Gunhild! Fortsett å male! Det bildet likte jeg veldig godt. Gleder meg til fortsettelsen. Og syng syng syng! Hvor skal du synge den 15.?

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?