torsdag 8. april 2010

Håp og sommarfuglar

Sommarfuglen er blitt veldig populær dei siste åra.
Den blir stadig brukt på klede, i interiør, i kunst og i illustrasjonar.
Ungane elskar den.
Eg også.
Fordi sommarfuglen har sterk symbolverdi.

 bilete
Den syboliserer mellom anna håp.
Håp om framtida.
Håp og forventning om ting som skal skje.

 bilete

I meg heng håp, tru og forventning i alle fall tett saman.
Når eg håpar at noko skal skje, så byrjar eg å forvente det, og etter kvart tru på at det kan verte realitet.
Det ligg ei enorm kjelde av kraft i det å ha eit håp.
Særleg når ein har det som verst, er langt nede, opplever stor motgang, kan håpet vere det som held ein oppe.
Eit eksempel på dette er slavane sin overlevingsstrategi i USA på 16-, 17- og 1800-talet.
Kvite slaveherrar introduserte kristendommen for slavane for å gjere dei lydige og audmjuke.
Men det vart ikkje slik dei hadde tenkt.
Dei oversåg sprengkrafta i evangeliet.

bilete
I staden byrja slavane å drøyme om fridom.
Det kristne evangeliet viste dei at dei hadde eigenverdi som menneske med same rettar framfor Gud som dei kvite.
Dei brukte det dei hadde, songen og kroppen, til å ause ut all si fortviling, desperasjon, og lengsel etter fridom.
Trua og håpet på eit liv etter døden, saman med musikken, som var noko av det viktigaste i afrikansk kultur, vart det som heldt dei oppe. 

 bilete
Håpet om eit betre liv.
Håpet om å treffe att familie i himmelen.
Håpet om at døden ikkje er det siste.
Håpet om fridom.
Midt i djupaste mørke vart negro spirituals skapt og overlevert munnleg gjennom generasjonar.
Songar med sorg, trøyst, lengsel og sterkt håp i seg.
Sjelfulle songar.

bilete

Eg kan vel aldri heilt sette meg inn i ei slik liding som slavane gjekk igjennom. 
Likevel finn eg referansepunkt, noko som gjer at eg kan gjere songane til mine eigne.
For kjensler som sorg, desperasjon, frykt, lengsel, håp... er alle kjensler eg kan kjenne meg igjen i.
Håp er ei av kreftene som driv meg framover.
Frå "Wayfarin' stranger" med Kristin Asbjørnsen har eg plukka nokre negro spirituals.
Her er ein som eg jobbar med no, som vert med på neste oppdrag:

Don't be weary, traveler

Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler

Come along home



My head got wet with the midnight dew

Come along home

The angels bear me witness to

Come along home



Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler

Come along home



Where to go I did not know

Come along home

Come along, oh weary soul

Come along home



Don’t be weary traveler

Come along home to Jesus

Don’t be weary traveler


Come along home 



2 kommentarer:

  1. Bloggen din er så fin! Fine bilder og gode ord.
    Sommerfugler har sterk symbolverdi, ja! Jeg vil heller være sommerfugl enn larve... Og sprengkraften i evangeliget er større enn vi kan fatte tror jeg. Tenk at den samme kraft som reiste Jesus opp av graven, bor i oss... Jeg håper og forventer at vi vil forstå og erfare enda mer, hva det betyr.

    Sees på søndag! Kanskje dere kommer på muv på lørdag også? Kl 17.

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?