torsdag 4. mars 2010

Har du lyst, har du lov!


Eg har tenkt og undersøkt litt om dette uttrykket.
Talent.
Dette fann eg på Wikipedia:

"Talent er betegnelsen på medfødte begavelser. Uttykket nevnes flere steder i Bibelen, blant annet i en lignelse fra Det nye testamentet som handler om betrodde verdier og det å dyrke og ta vare på disse. (Matt.25.14). Uttykket er i dag brukt med beslektet betydning, nemlig om spesielle personlige, medfødte begavelser, enten de er kunstneriske, intellektuelle eller sportslige. Det kan være talent for å spille fiolin, forstå matematikk eller spille fotball, men brukes oftest om kunstneriske ferdigheter der det kanskje henger igjen noe om å ta vare på en gudegitt gave. Ekstreme begavelser kalles gjerne genialitet.[...]"

Talent var også ein gamal mynt- og vekteining som hadde svært høg verdi.
Eg trur alle menneske har eitt eller fleire talent.
Eigenskapar og ferdigheiter som vi er ekstra gode på.
Som ligg latent i oss frå vi vert født, og som vi må få sjansen til å oppdage.



Gåver og evner som gjer oss glade og tilfredse når vi får teke dei i bruk.
Noko som har stor verdi for livsutfaldinga vår.
Det hender også at vi beskriv eit menneske i seg sjølv som eit talent.
Mange menneske har talent som dei enno ikkje veit om.
Eller som dei ikkje vågar å bruke fordi ein fryktar følgene.
Prestasjonsangst.
Menneskefrykt.
Høge krav til seg sjølv.
Forventningspress.
You name it.



biletet er henta her

Det kan ofte sjå ut som om samfunnet forventar at eit talent skal vere ferdig utvikla når det vert offentleg for andre.
Vi trur at eit talent ikkje er noko verdt dersom det ikkje er eksepsjonelt genialt, har sunge mange songar på TV, eller solgt millioneksemplar av bøker.
Vi måler talent i berømmelse.
Vi er så godt vant, vi kritiserer så lett, vi let oss ikkje imponere over "kva som helst".
Ikkje rart det er mykje prestasjonsangst ute og går.


biletet er henta her


Men svært få er geniale ved første forsøk!
Talent er som eit frø som ligg i oss frå vi er født.


biletet er henta her

Det treng lys og vatn for å byrje å spire.
Det kan ikkje vekse utan at det kjem fram i lyset.
Det starar som ei spire og veks etter kvart som det er ute i lyset!



biletet er henta her

Likninga om talenta i Matteus 25,14 beskriv ein herre som deler ut talent (myntar) til sine tenarar og ber dei om å forvalte desse.
Den eine tenaren er redd for å miste det, så han grev det ned, gøymer det bort.
Dei andre investerer og kjem attende med meir enn dei hadde då dei byrja.
Talenta vart gitt til dei av deira herre.
Så stod dei fri til å forvalte dei som dei ville.
Vi velger ikkje våre talent sjølv.
Eit talent er ei gåve.
Men vi velger kor mykje vi ønsker å forvalte det!
Eit talent kan berre utviklast, vekse, formeire seg, dersom mennesket sjølv vågar å ta det fram i lyset!


biletet har eg henta her

Kven eller kva er det som bedømmer kven som har talent for noko, eigentleg?
Iallefall ikkje smak og behag, berømmelsens målestokk, eller kor mykje pengar du har tent på det.
Det er ikkje alltid dette uttrykket passar, men i denne samanhengen gjer det det så absolutt:
Har du lyst, har du lov!!

Når du ser eit talent, anten det er ei spire eller ein fullt utvokst plante:
Hugs å vatne!










PS: Å skrive dette har gitt meg mange fleire tankar om talent, så eg kjem nok til å skrive meir om det etter kvart :-).



1 kommentar:

  1. Så fint at du skriver om dette. Jeg tror det ligger mange ubenyttede muligheter i oss mennesker, men det er jo bare i sette i gang å la det spire!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?