søndag 21. mars 2010

Gledeleg oppmuntring

Her om dagen kom det ein kollega av meg på døra med denne store flotte blomen.
Heilt uventa, og utruleg oppmuntrande!
Eg måtte skunde meg å ta eit bilete av den, for den treng visst mykje vatn...



....og eg er absolutt ikkje flink til å vatne!
Ikkje at eg drep planter med vit og vilje, men det vert berre slik.
Grøne fingrar har eg nok ikkje:-(

Det heile fekk meg til å tenkje litt vidare på det som eg skreiv om for ei stund sidan (som du kan lese her).
Om at eit talent er som eit frø som ligg i oss frå vi vert fødd, eit frø som treng lys og vatn for å vekse til å verte fullt utvikla.
Og ein vekster sluttar vel aldri å trenge vatn?

bilete
Men det er forskjel likevel, - på kor mykje vatn som trengst.
Nokre treng oftare vatn enn andre.
Nokre treng nesten ingenting.
Nokre har tru på seg sjølv og kva dei kan uavhengig av kva andre seier.
Nokre bygger heile sitt sjølvbilete ut frå kva dei høyrer frå andre.
Men noko har dei felles:  ingen av dei kan vatne seg sjølv!

I dette tankebiletet er det altså talenta i oss som er veksteret.
Kva er då vatnet eit bilete på?
Eg tenkjer at vatnet er oppmuntring, oppbacking og konstruktiv tilbakemelding frå menneske rundt oss.



Vatn gjev liv til frøet, oppmuntring gjev liv til eit talent.
Livslyst og frimod til å fortsette!
(Verkar dette fornuftig??)

Som eg har sagt før: eg trur alle menneske har minst eitt talent!!
Men som oftast trengst det mykje øving og undervisning for å utvikle seg dit ein ønsker.
Det å få undervisning frå ein som kan faget, er nesten som å verte gjødsla!

Lyset... kan det vere eit bilete på vilje?
Det som driv oss?
Ingen kan leve utan lys heller...
Men her er det også forskjel, nokre veks og trivst best i skuggen...
(Drivkraft... kanskje noko å blogge vidare om:-))



Dette er eksempel på nokre tankar eg har hatt i det siste.
Som med dei fleste tankebilete, eller likningar om du vil, så er det alltid manglar...
Men det er ikkje poenget heller, at alt skal "klaffe".
Likevel - kom gjerne med innspel, hadde vore interessant å vite kva de som les dette får av tankar om dette temaet:-)

No gleder eg meg til å dra på turnè med ein nydelig og talentfull gjeng elevar frå Folkehøgskulen!!

Ha ein velsigna dag!!

3 kommentarer:

  1. Jeg begynte med en gang å tenke på lignelsen om såmannen. Hva slags jord er vi, og hvilke frø/tanker/ord havner i god jord og hvilke havner på steingrunn hos oss. For min egen del vet jeg at jeg må være veldig bevisst på dette... Det er lett la å de gode ordene bli tatt av fugler eller kvelt av tornebusker, samtidig som en lar andre ting havne i den gode jorda, ting som absolutt ikke burde fått plass der.

    Veldig fin post, Gunhild! Og veldig fine bilder :) Liker bloggen din!

    SvarSlett
  2. Hei! Kreative Kvinner vil ha deg med! Føler men seg kreativ er man med! Jeg har linket til siden din og du er med i trekningen av hobby-presangen.

    God Helg! Ps.. synd vi ikke kan høre sangen din her... ;)

    SvarSlett
  3. Hei:)
    Så koselig å bli funnet av deg, husker deg veldig godt.
    Og for en nydelig blogg du har, nå har jeg lest og lest, og nikket og nikket. Her kommer jeg til å komme innom mange ganger.
    Jeg er litt dårlig på blogglesing for tia, men det er så fint å vite hvor man skal kikke, når det innimellom er tid for å ville ha nye tanker...når ungeskokken sover og matpakkene smurt..hehe, hverdag:)
    God påske til deg og dine.
    Klem-Anne Grete

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?