søndag 14. februar 2010

Om oppmuntring og kritikk

Eg innrømmer det gjerne.
Eg treng oppmuntring frå andre!
Eg er avhengig av det.
Skulle ønske eg ikkje var slik, men at eg hadde noko innvendig som berre dreiv meg framover, slik at draumar vart realitet.


Min verste kritikar er meg sjølv.
Sjølv etter å ha fått ti positive og verkeleg oppbackande kommentarar kan eg tvile på meg sjølv og om det eg gjorde var bra nok.
Sjølv før eg har starta på eit prosjekt, kan eg ha dømt det nord og ned, slik at eg aldri kjem i gong med det.
Eg har lett for å samanlikne meg.
Då eg var yngre, kunne eg miste motet av at andre gjorde det bra. Då tenkte eg at det ikkje var plass til meg også.
Eg kunne unnlate å gi positiv tilbakemelding berre av den grunn. Det er ikkje alltid eg tenkjer at eg skal gi tilbakemelding når nokon har gjort inntrykk på meg på scena.
Særleg viss det er personar eg ikkje kjenner.
Eg øver meg på å gi positiv tilbakemelding!


I det siste har eg blitt invitert inn i grupper på facebook, som f.eks: "Kan denne osteskiva få flere fans enn Didrik Solli Tangen" eller "I bet this banana can get more fans than Miley Cyrus"..... Kva er vitsen med det??!!  
Ein ting er smak og behag, det er forskjellig kva som treff oss både av bodskap og musikk.
Og ein ting er konstruktiv kritikk, det kan oftast berre vere sunt, fordi det bygger opp og ikkje riv ned.
Men å basere kritikk på eigen smak seier ingenting om kvaliteten på det som faktisk vart gjort! 
Kritikk seiast med kjærleik!!
Å samanlikne eit menneske med ei osteskive, uansett kva ein synest om sangstemma, er det konstruktivt???
... absolutt ikkje fan av slike grupper...

Det er så mykje lettare å kritisere enn å oppmuntre.
Har ein høyrt mykje positivt, og så kjem det ein negativ kommentar, så er det utrulig kor den kan feste seg og rive ned det positive som var bygd opp.
Difor er det så utrulig mykje viktigare å hedre, oppmuntre, heie fram og backe opp!


Nokre menneske har ei drivkraft i det dei gjer som held dei gåande uansett kva dei høyrer frå andre.
Eg er gift med ein av dei.
Han elskar musikk, elskar å skrive musikk, elskar å spele gitar og synge, og det i seg sjølv gjer at han held på med det.
Og han har talent til det, ikkje minst!
Sjølvsagt går det inn på han når han får tilbakemelding som ikkje er meint for å bygge opp.
Men det hindrar han ikkje i å fortsette!
Eg synest det er flott, og det har lært meg mykje.
Både om kva som driv meg og om det å gi av seg sjølv.


I ein tale eg høyrte i haust vart det sagt:
"Vi må kappes om å hedre hverandre, ikke kappe hodet av hverandre"! med ein litt humoristisk tone.
...noko å tenkje på... også for meg...

Gunhild Sofie -febr 10

Nokre av bileta i dette innlegget er henta her.

5 kommentarer:

  1. JA, Gunhild!!!! Så godt at du skriver det. Det traff meg på opptil flere måter!

    SvarSlett
  2. Du får sagt det! Du setter fingeren på noen viktige ting der ja! Så enig, så enig.
    Blir så imponert over hvordan du skriver, tenker og bildene. Se der, slikt tenker jeg ofte at jeg og vil, men så blir det aldri noe av. Du inspirer Gunhild!

    Kjempeklem

    SvarSlett
  3. Tusen takk for masse god tilbakemelding!! men Hege.. Du har då veldig mykje fint på bloggen din du også!! Måten du håndterer alt du møter i din kvardag er til inspirasjon for oss andre. Stå på, Hege!! Utruleg bra det du har fuinne ut om mat til Mattias for eksempel. Noko som kjem til å hjelpe MANGE.

    SvarSlett
  4. Er glad for at du skriver og deler. Tror vi er ganske like på flere måter... Hadde vært fint å treffes igjen snart en dag :)

    SvarSlett
  5. Jeg kjenner meg veldig godt igjen i det du skriver. Det å tenke at det ikke er plass for meg fordi det er så mange andre som er så flinke, når så mange flere og berører. Du fant fine ord på det, og jeg synes du er modig som skriver om det!

    SvarSlett

Kva tenkjer du om dette?